Hopp til innhold

Barne - og ungdomsarbeider fast 100 % stilling

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Skjold barnehage

Sted

Vikanesvegen 18, 5574 Skjold

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vil du bli vår barne- og ungdomsarbeidar? Då må du søkje her!
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Me søker deg som er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, eller har annan relevant utdanning/erfaring. Me har ledig 100% fast stilling frå 18.03.2026 i Skjold barnehage, med moglegheit for å starte før om du kan. 
Skjold barnehage ligg idyllisk til på Vikaneset, omgitt av vakker natur med nærleik til både sjø og fjell. Her får du jobbe i eit inspirerande miljø, med gode moglegheiter for uteaktivitetar og naturopplevingar saman med barna.

 Barnehagen har 8 avdelingar og eit stabilt og godt arbeidsmiljø, der trivsel og samarbeid står i fokus. Me ser etter ein engasjert og omsorgsfull kollega som vil vera med å skapa ein trygg og utviklande kvardag for barna.

Kva får du jobba med hos oss?
  • Viktig delansvar ved å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
  • Vera ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen.
  • Vera ein god rollemodell for barna.
  • Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
  • Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
  • Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
  • Halde deg fagleg oppdatert.
  • Vere med å utvikle språket til barna igjennom muntleg deltaking og samspel.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
  • Andre med relevant utdanning og erfaring kan også søkje, og vil bli vurdert. Ein vil då få stillingskode som assistent.
  • Personen må vera skikka til å jobbe i barnehage, difor vil det verta lagt vekt på korleis søkjarane er eigna.
  • Det krevs godkjent politiattest ved tilsetjing.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
  • Positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Du må lika å vera ute.
  • Du må lika å vera i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
  • Du må kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

adad7320-fe47-4969-86ab-e24bd8e98a0f

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3583031_228567_nn

Lignende annonser