Reinhaldsleiar / Reinhaldar
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vestre Slidre kommune har ledig inntil 100% fast stilling som reinhaldsleiar / reinhaldar.
Arbeidsoppgåver
- Reinhaldsleiar for kommunale bygg og for reinhald praktisk bistand.
- Ansvar for reinhaldsplanar.
- Reinhald i kommunale bygg.
- Samarbeid med tenesteleiar og tildelingskontoret er ei viktig oppgåve.
Kvalifikasjonar
- Over 18 år
- Leiarutdanning og eller leiarerfaring samt erfaring/ fagbrev innen reinhaldsfaget er ønskeleg.
- Førarkort klasse B og disponerer eigen bil.
- Gode IT-kunnskaper og evne til å ta i bruk nye verktøy.
- Har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
- Tilfredsstillande politiattest må leverast før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Strukturert, omgjengeleg og fleksibel.
- Må kunne jobbe sjølvstendig, men også ha gode samarbeidseigenskapar.
- Handterar stress og raske endringar i arbeidskvardagen.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Personleg egnaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
- God opplæring vert gitt.
Vi gjer merksam på at ved intern tilsetting kan andre stillingsbrøkar bli å tilby søkjarane jf. HTA kap. 1 § 2.3.1
Kontaktinformasjon
Vidar Jernæs Strand, Tjenesteleder Forvaltning drift og vedlikehold, 99457827, vidar.jernes.strand@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4844631808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2024
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2740036
- Hentet fra
talentech
- Referanse
413333d5026a4b47b5681549aa26be7d