Rådgivar -arkeologi
Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar -arkeologi
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. mars
Møre og Romsdal fylkeskommune søker rådgivar/arkeolog i 100 prosent stilling i eit års vikariat frå 11. august 2025.
Stillinga ligg til Kulturavdelinga og seksjon for kulturmiljø og friluftsliv. Seksjonen jobbar med oppfølging av automatisk freda kulturminne, freda og verneverdige kulturmiljø frå nyare tid, landskap og forvaltning av friluftslivsinteresser. Dei tilsette samarbeider med kommunane, universitetsmusea og ulike tiltakshavarar. I tillegg jobbar vi med skjøtsel og tilrettelegging av kulturminner, og utval av kulturarvsproduksjonar i Den kulturelle skulesekken.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av arkeologiske kulturminner i plan- og byggesaker, landbrukssaker
- Behandling av dispensasjonar etter kulturminnelova
- Oppfølging av feltarbeid
- Moglegheit for oppgåver knytt til Den kulturelle skolesekken eller skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonskrav
- Master innan arkeologi eller tilsvarande
- Erfaring frå arkeologisk feltarbeid
- God norsk skriftleg og munnleg framstilling
- Førarkort for bil
Det er ein fordel om du
- har erfaring frå behandling av arkeologisaker frå ein fylkeskommune eller eit universitetsmuseum
- har erfaring frå skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne
- har kjennskap til Den kulturelle skolesekken og formidling av kulturarv
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- har solid fagkunnskap innan arkeologi
- er systematisk, effektiv og initiativrik
- ser løysingar og heilskap
- kan prioritere
- er god på samarbeid og kommunikasjon
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- spennande arbeidsoppgåver i eit godt og utviklande fagmiljø
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- fleksitidsordning
- lønn etter avtale
- fylkeskommunale vilkår for tilsetting
- 100 % vikariat fra 11.8.2025 til 10.8.2026
- Seksjonen har arbeidsstad Molde. Den tilsette kan delvis nytte kontor i Ålesund og Kristiansund etter avtale.
Kontaktinformasjon
Hilde Tokle Yri, Seksjonsleiar, 97757600Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4912625105
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 11.08.2025
Sluttdato: 07.08.2026
Søknadsfrist: 01.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Hilde Tokle Yri
Seksjonsleiar
97757600
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kulturområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2854397
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f08bf06547dc4a2abfd754399c843e27