Helsefagarbeidar, fast 100% stilling ved Surnadal sjukeheim
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Stillinga inngår i turnus. Vi har ulike vaktlengder med arbeid enten kvar 3.eller 4.helg. Dei som arbeider 4.kvar helg har langvakter på 12,5 time.
Om oss
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom.
Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene med mål om auka tryggleik. kvalitet og trivsel
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
- helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar med autorisasjon
- vi ønskjer oss både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring
- deg som er god til å kommunisere på norsk og som har god skriftleg og muntleg framstillingsevne med tanke på dialog og krav til dokumentasjon
- oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidar
- samhandling og tverrfagleg samarbeid
- veiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar
- observasjon og dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og løysingsfokusert, slik atdu er godt rusta for å vere fleksibel.
Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.
Det er eit vilkår for tilsetting av det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.Vi kan tilby:- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2437223
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3232315_187099_nn