Miljøarbeidarar på Kvardagslivstrening HTH
Vestland fylkeskommune
Steinsvikvegen 430, 5239 Rådal
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. mars
Nordahl Grieg videregående skole er ein skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og gir plass til 970 elevar og om lag 160 tilsette.
Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.
Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.
Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon og Helse- og oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Avdeling Sykehusskolen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland sykehus. Skolen er ressursskole for døve og hørselshemma.
Skolen ønskjer å bevare eit levande teiknspråkleg miljø, og oppmodar personar med nedsett hørsel til å søkje stillingar hos oss.
Tilrettelagt avdeling på Nordahl Grieg vgs gjev tilpassa opplæring i grupper med redusert elevtal. Utdanningsløpet fører fram til grunnkompetanse, dvs at ein jobbar med forenkla og redusert antal kompetansemålk ut frå elevene sine forutsetningar og potensiale (IOP) og på denne måten utrustar den enkelte til å meistre eit arbeidsliv og daglegliv etter endt skuleløp. Løpet vil i hovudsak ikkje kvalifisere for eit vitnemål med karakterar, men i eit kompetansebevis som viser eleven sin kompetanse i dei utvalde
måla og fagområda.
Frå hausten av skal skolen opprette ei ny avdeling for Kvardagsliv HTH. Den nye avdelinga vil neste skoleår ha tolv elevar, og vi skal også gi tilbod om tilsynsordning TIV.
Arbeidsoppgåver
Støtte faglærarar i undervisninga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassingar. Gjennomføre og/eller ta ansvar for sosiale eller helserelaterte tenester for elevane i skoletida i tråd med elevane sine behov. Samarbeide med andre fagarbeidarar og lærarar om å planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med individuelle opplæringsplanar. Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med ungdom med samansette vanskar, pleie- og omsorgsbehov, utviklingshemming og utfordrande åtferd.Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter miljøarbeidarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfag eller helsearbeidarfag.Personlege eigenskapar
Du må vere fleksibel og ha evne til samarbeid med ulike instansar til det beste for elevane. Vi vil legge stor vekt på at søkjar er personleg eigna og har erfaring med elevgruppa.Vi tilbyr
Nordahl Grieg er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og eit gründermiljø der du vil vere ein viktig medarbeidar.For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
For meir informasjon, sjå skolens heimeside https://www.nordahlgrieg.vgs.no/
Om søknaden:
Bruk elektronisk søknadsskjema
Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden
Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine
Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna.
Andre opplysningar
Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Roar Helleve Haugland, assrektor, 45978609Håkon K. Sjursen, Avdelingsleiar, 90655048, hakon.kahrs.sjursen@vlfk.no
Anita Jensen Ystebø, rektor , 92446903
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5070896653
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 02.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Anita Jensen Ystebø
rektor
92446903
Roar Helleve Haugland
assrektor
45978609
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
acc1296c-c50a-470c-ad85-f38d8fc9d9f4
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eae53b46785a4a65ae662320e6d8be4e
Lignende annonser
Miljøfagarbeidar, stillingskode 6684/4167, særskilt tilrettelagt avdeling
Arbeidsgiver
Åsane vgs- Avd. HTH/HTA, Vestland fylkeskommune
Sted
Ulset
Arbeidsgiver
OPK-AR - TO Laksevåg, Vestland fylkeskommune
Sted
Laksevåg
Miljørettleiar / miljøterapeut til tilrettelagt avdeling
Arbeidsgiver
OPK-AR - TO Laksevåg, Vestland fylkeskommune
Sted
Laksevåg