Hopp til innhold

Vikar i skulane i Kvinnherad

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Sektor oppvekst

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Lærarvikarer
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

Omtale av stillinga

 

Ringevikarar søkjast til skulane i Kvinnherad
 
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge?

Skulane i Kvinherad har behov for ringevikarar som på kort varsel kan steppe inn ved fråvær blant tilsette. Vi søkjer deg som er engasjert, fleksibel og har ønskjer å bidra til eit trygt og godt læringsmiljø for elevane våre.
 
Arbeidsoppgåver
  • Vikariera for skuletilsette ved fråvær.
  • Bidra i undervising, leik og aktivitetar etter skulen sine planar.
  • Samarbeide med skulen sine andre tilsette for å ivareta elevane sine behov.
Kvalifikasjonar
  • Gjennomført vidaregåande skule.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og positiv innstilling vert vektlagt.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
  • Ei meiningsfull og variert jobb.
  • Verdifull erfaring for deg som ønskjer å jobbe med skule eller utdanning.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtale.
Slik søkjer du
Legg inn ei kortfatta søknad. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje – uansett alder, kjønn, kulturell bakgrunn eller funksjonsevne.
 
 
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Eva Refvik

+47 99562307

eva.refvik@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

acb1571e-6ec4-469c-a133-d898d40482db

Sist endret

25. august 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3535233_226017_nn

Lignende annonser