Sommarjobb for ungdom (15-25 år)
SKOGSELSKAPET I SOGN OG FJORDANE
Sunnfjord, Gloppen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Skogselskapet i Sogn og Fjordane ser etter 9 ungdommar som kan jobbe i skogen frå måndag 23. juni. Arbeidet inneberer skogrydding av ungskog (ungskogpleie).
Stillingstittel
Skogsarbeider
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100% og deltid 50-99%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
9
Hva vi ser etter
Me ser etter ungdom som ikkje er redd for å bli sliten. Me ser etter ungdom som ynskjer å arbeide ute med noko praktisk der ein ser resultat av det ein gjer.
Me ser etter ungdom som ynskjer å stå på og arbeide ute, uansett om det er regn eller sol.
Ein person med konkurranseinstinkt er ikkje ein bakdel.
Arbeidsoppgaver
Ein skal arbeide utandørs med motorryddesag (ca. 10kg inkl. sele) og oppgåva er å kappe ned uønska tre i skogen. Trea er som regel mellom 1 til 5 meter høge og ein må ta vurderingar undervegs for å velje kva tre som skal stå igjen basert på kvalitet, storleik, tretettleik osb.
Dei første tre dagane i sommarjobben vil vere kurs, enten i Sandane i Gloppen eller på Mo i Sunnfjord. Her vil ein gå gjennom HMS og grundig opplæring i bruk og stell av motorryddesag.
Ein skal jobbe i team på 3-4 ungdommar, og det vil vere ein viss fleksibiltet i arbeidsmengd/tid, men me ynskjer at teamet skal arbeide ilag.
Me ynskjer at ungdommane skal jobbe minst 3 veker og maksimum fram til midten av august (8 veker).
Ein må klare å komme seg ut i skogen, enten ved å sitte på med andre ungdommar som arbeider med, eller ordne transport sjølv. Her finn me omtrent alltid ei løysing. Har du bil og bilsertifikat er det ein fordel.
Terrenget kan vere kupert og krevjande, saga vil vere tung, men me garanterer ein sommarjobb som gjer deg sterk og uthaldande. I tillegg til ein sommarjobb der ein får frisk luft i heile arbeidsperioden.
Vi tilbyr
Me tilbyr gratis kurs i ungskogpleie. Ein vil få eit grunnkurs i skogbruk.
Arbeidstida startar frå då ein reiser heimifrå, og sluttar når ein er kommen heim på slutten av arbeidsdagen.
Me tilbyr reisegodtgjersle (etter statens satsar) om ein brukar eigen bil.
Om bedriften
Skogselskapet er ein ideell medlemsorganisasjon som arbeider for skogen.
Skogselskapet søker prosjektmidler frå det offentlege for å finansiere prosjekt, som dette "Sommarjobb for ungdom-prosjektet".
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2853225
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ac95967a-4745-4cc9-b909-a050bd21dce8