ID 2362 Lønnsmedarbeidar - Løn og personal
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lønsmedarbeidar, fagarbeidar, bachelor økonomi
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Stillinga ligg inn under løn- og personalavdelinga og er ei støtteavdeling til alle einingane i organisasjonen, knytt til løn- og personalarbeid. Avdelinga består for tida av 10 tilsette og held til i Stord rådhus. I tillegg til Stord kommune, har avdelinga totalansvar for all lønsarbeid knytt til Sunnhordland interkommunale legevakt, Stord Hamn, Stord kyrkjelege fellesråd, Fitjar kommune og Fitjar kyrkjelege fellesråd.
Det er ledig fast 100 % stilling som lønnsmedarbeidar Arbeidsoppgåver:-
Lønnsføring på tilsette
-
Tariffoppgjer
-
Fagforeningstrekk
-
Inkassotrekk
-
Innlesing av filer
-
Registrering av ulike lønnsbilag
-
Lønnskjøring.
-
A-melding
-
Andre lønns- og personaloppgåver
-
Bachelor/fagarbeidar innanfor økonomi/kontorfag.
-
Erfaring frå lønsarbeid
-
God rekneskapsforståing
-
Kjennskap til fagsystema UNIT4 og Visma vil vere ein fordel
-
Gode datakunnskapar
-
Me ynskjer ein sjølvstendig, løysingsorientert og fleksibel person som er ansvarsbevist, god til å samarbeide og kommunisere.
-
Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune i vekst og utvikling
-
Positive og dyktige medarbeidarar
-
Løn etter avtale og gode pensjonsvilkår
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar hos fagansvarleg lønn Gerd Kristin Handeland tlf. 98851973, eller avdelingsleiar løn og personal Sverre Hagerup Sørensen tlf. 48607908.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ac323bb0-5f72-4181-836c-e437586ec174
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ac323bb0-5f72-4181-836c-e437586ec174