Assistent 21%
Alver kommune
Kvernhushaugane 41, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- BPA assistent
- Type ansettelse
- Fast, deltid 21%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. mai
Om stillinga
Vil du ha ein meiningsfull jobb der du verkeleg betyr noko for andre ?Vi søkjer ein trygg, fleksibel og påliteleg BPA-assistent til ei dame som er rullestolbrukar. Ho er i 80-åra, og bur på Radøy. Ho er interessert i handarbeid, hagestell, fugle- og dyreliv, og har eit ope sinn i møte med andre og i samtalar om livet.
Som BPA ( brukarstyrt personleg assistent) vil arbeidsplassen være i brukar sin heim, der brukar sjølv er arbeidsleiar .
Arbeidstid er om lag 8 timar i veka .Arbeidstida vert avtalt direkte med brukar ut frå behov.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- praktisk bistand i heimen, til dømes enkle gjeremål i kvardagen,husarbeid
- følgje/hjelp som støttekontakt til aktivitetar og ærend utanfor heimen. Dette kan vere turar med bil og elles hjelp til å kome seg ut og delta i aktivitetar.
Kvalifikasjonskrav
- Har fullført vidaregåande skule
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Kven er du?
Vi ser etter deg som:- er omsorgsfull og respektfull
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- har gode samarbeidsevner og som likar å arbeide med menneske
Personleg eignaheit vil verte vektlagt
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og variert stilling
- Opplæring etter behov
- Lønn etter gjeldane avtale
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har einingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.Kvar eining er organisert med eigen einingsleiar og avdelingsleiar.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ac30bd05-4df3-4fa5-a54a-2e4e826d9a78
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10295472