Hopp til innhold

Miljøterapeut - Eining for habilitering/rehabilitering

Arbeidsgiver

Habilitering rehabilitering, Stranda kommune

Sted

Kyrkjegata 13, 6200 Stranda

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut Hab/rehab
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 21. mai

Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- eller meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-teneste. 


 Vi har ledig i 100% fast stilling som miljøterapeut med arbeid i avlastning/ambulering frå 31.08.2026.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.


Kvifor velge oss:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivlege og engasjerte kollegaer
  • Ein arbeidsplass under endring og utvikling
  • Vi vektlegg tryggleik, trivsel og høg kvalitet i tenestetilbodet
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Internopplæring og faste fagmøter

Kvalifikasjonar

  • Krav om bachelor innanfor helse/sosialfagleg/spesialpedagogikk 
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med avlastningstiltak born
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå miljøterapi og ambulerande tenester
  • Det er ønskjeleg med erfaring i arbeid med autismespekterdiagnose
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Førarkort kl. B og muligheit til å dispoenere eigen bil. Køyregodtgjersle etter Staten sitt regulativ.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av helsetenester og samarbeid med andre instansar
  • Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansatte behov
  • Kartlegging, utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for den enkelte brukar
  • Sikre kvalitet i tenesteytinga
  • Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
  • Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar
  • Eininga nytta fagsystema Profil, Compilo og SamPro
  • Delta aktivt i fagutviklinga i eininga

Personlege eigenskapar


  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
  • Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
  • Omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
  • Du er ein god rollemodell


I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon

Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059

Arbeidsstad

Kyrkjegata 13
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5124969067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Helene Rimstad

Einingsleiar

+47 46411059

Om bedriften

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Sektor

Ikke oppgitt

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ac1b4e03-dd75-40f5-9336-f8236bef715f

Sist endret

6. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4494349d45554ca38e13131e4085f382

Lignende annonser

Laster lignende annonser