Helgestillingar Dr. Martens- sjukepleiar og vernepleiar
Avdeling for rusmedisin/ AFR Martens Tvangspost og korttidspost, Helse Bergen
Hatleveien 7D, 5038 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar Dr. Martens- sjukepleiar og vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Arbeidstid
Turnus, dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Tvangspost: Sengeposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing, stabilisering samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindra akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår.
Det er ledig fleire 18% helgestillingar ved Tvangsposten med arbeid kvar 3 helg (dag/ettermiddagsvakter). Det er arbeid fredag, laurdag og sundag, og laurdag - sundag, annankvar arbeidshelg.
Avrusing/korttidspost: Sengeposten har 10 sengeplassar, gir tilbod om avrusing og korttidsopphald. Opphaldet består av mellom anna individuell oppfølging, undervisning og gruppesamtalar, samt fokus på fysisk aktivitet.
Det er også fleire ledige helgestillingar 18% ved Korttidsposten med arbeid kvar 5 helg (fredag, laurdag og sundag) med langvakter laurdag og sundag.
NB! I søknadstekst ber vi om at det blir oppført ønska stilling ein søker på.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i helg vil naturleg vere mest fokus på å vidareføre planlagde aktivitetar og gjeremål saman med pasienten, samt miljøterapeutisk arbeid på posten
- Sjukepleiar og vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå mottak av nye pasientar, tillaging og utdeling av medisinar, støttesamtalar, pårørandearbeid, ulike kartleggingar og ulike aktivitetar med pasientane
- Samarbeide med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid innan rus og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk, er ein fordel
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Bachelor i sjukepleiar eller vernepleiar
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og samhandlar godt med andre
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Regelmessig internundervising
- Årsturnus/kalenderplan
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bjarte Opsal, Vernepleiar, 95058822Arbeidsstad
Hatleveien 7D5038 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4913235528
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2848585
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1b49240a927541c59c19b9f428593240