Sjukepleiar / spesialsjukepleiar
Medisinsk poliklinikk Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar / spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har ledig 1 års vikariat for sjukepleiar. Ved intern rokkering kan anna stillingsbrøk bli ledig.
Medisinsk poliklinikk har ein generell indremedisinsk aktivitet. I hovedsak utgreiiar og behandlar vi pasientar innanfor dei indremedisinske fagområda hjarte, lunge, gastro, diabetes og geriatri. Vi legg stor vekt på samarbeid mellom ulike yrkesgrupper, og ikkje minst samarbeid med pasienten. Dette vikariatet er primært retta mot oppgåver knytta til hjartepoliklinikken og generell indremedisin.
I samband med bygging av nytt sjukehus, Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), planlegges det vidareføring av det medisinske polikliniske tilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig sjukepleie poliklinikk knytta til pasientar med hjartesjukdomar.
- Assistere lege
- Rytmeregistrering
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i kardiologi eller intensiv sjukepleie.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er motivert, engasjert og har mot til å vere ein pådrivar innan fagområdet
- Du har gode kommunikasjon- og relasjonsferdigheiter
- Du har gode samarbeidsevner, er fleksibel og i tråd med lover og reglement
- Du er ydmyk og reflektert i samarbeid med andre
- Du har evner å arbeide strukturert og sjølvstendig, både individuelt og i team
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Linn Kristin Svanemsli, Konst. seksjonsleiar, Linn.Kristin.Svanemsli@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4735335939
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.12.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2493513
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e298a56b8a424ebdaab4e46b717b42f1