Radiograf
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Svanahuagvegen 7, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Radiograf
Oppstart
5. februar 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100% fast stilling som radiograf innan mammografi ved Førde sentralsjukehus. Arbeidstida er dagtid (37,5 t/veke) kvardagar og fri kvar helg. Det er mogeleg å kombinere arbeidet innan mammografi med arbeid ved annan modalitet i 20-40% av stillinga.
Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Utenom mammografi har seksjonen 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområde. Sjå www.helse-forde.no .
Innan mammografi utfører vi både kliniske undersøkingar og mammografiscreening. Vi har 2 GE Senographe Pristina mammografiapparat frå 2021/2022, EnCore vakuumbiopsi og ultralyd. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og kontrollforløp, samt screening med etterundersøkingar. Vi er eit lite BDS der fagradiograf og 3 radiografar i hovudsakleg jobbar med mammografi, i tillegg til nokre radiografar som rullerer innom screening.
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her er flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Vi ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undersøkingar
- Samarbeide med andre einingar og profesjonar
- Utføre kliniske mammografiundersøkingar
- Ta del i mammografiscreeninga
- Tilrettelegge og assistere radiolog ved ultralyd
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Meistre norsk godt både skrifteleg og munnleg
- Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan mammografi, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Fagleg engasjert og interessert
- Arbeider godt i team
- Positiv innstilling
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med kjekke og dyktige kollegaer
- Faglege utfordringar og moglegheit for utvikling
- Tilpassa opplæring
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, (+47) 578 39 616Arbeidsstad
Svanahuagvegen 76812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4735906410
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.02.2024
Søknadsfrist: 03.01.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2494587
- Hentet fra
talentech
- Referanse
206b5b69e80343d697341c2ad2d64242