Reinhaldsavdelinga treng deg som avdelingsleiar!
Suldal kommune Teknisk drift
Sandsvegen 122/Garaneset 38, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar reinhald
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vår avdelingsleiar gjennom mange år har bestemt seg for å bli pensjonist. Difor søkjer me no etter ein avdelingsleiar som kan utvikle og leie reinhaldsavdelinga vidare. Som avdelingsleiar har du det overordna ansvaret for reinhald på dei kommunale bygga, og samarbeider tett med driftsavdelinga.
Me har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar avd. reinhald frå og med 01.05.2025 eller etter avtale.
Om einingaTeknisk drift syter for drift, reinhald og vedlikehald av kommunale bygg og uteområde, vegar og infrastruktur. Reinhaldsavdelinga har fagleg ansvar for reinhald på dei fleste kommunale bygg. I avdelinga er det ca 20 fast tilsette reinhaldarar som er fordelt rundt på bygga.
Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?- Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning. Vil du utvikla deg i ein retning, og me deler draumen din – er me gjerne med og støttar deg på vegen.
- Ønskjer du å prøvebu i Suldal? Me skjønar godt at det å busetta seg i Suldal ikkje er ein beintfram sak for alle. Me kan difor tilby deg å leige bustad først, som du kan få tilbod om å kjøpa seinare – om du trivst hos oss.
- Fleksibel arbeidstid og avspaseringsordningar. Treng du å begynne seinare fordi du skal levera i barnehagen? Treng du fri ein fredag for å ta ein langhelg på hytta? Ingen problem! Me forstår at det kan vera viktig å ha rom for fleksibilitet i ulike fasar av livet og det får du gjennom våre fleksitidsordningar og høve til avspasering.
- Ein leiar må innimellom arbeida utanfor normal arbeidstid. Me ønskjer ikkje at dette skal gå for mykje utover fritida di, og livet utanfor jobb. Difor gir me leiarar opp mot 10 ekstra dagar fri i året.
- Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
- Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.
- Stillinga blir plassert under stillingskode 9454 avdelingsleiar.
- Dagleg leiing av reinhalsavdelinga, både for dagleg og periodisk reinhald
- Oppfølging av personell og økonomi som ligg innanfor ansvarsområdet for avdelinga
- Ha ansvar for reinhaldsplanar og oppdatering av desse
- Kontaktpunkt i spørsmål knytt til reinhald i kommunen
- Være pådrivar for å videreutvikle avdelinga og fagfeltet
- Du vil være ein viktig del av leiinga av Teknisk drift i lag med andre avdelingsleiarar.
- Andre oppgåver i tråd med einingas behov.
- Me søkjer deg som er fagutdanna, men også med erfaring med leiing og organisering. Erfaring frå reinhaldsfaget er ein fordel.
- Strukturert og serviceinnstilt
- Gjerne erfaring frå leiing og økonomisk styring
- Gode it-kunnskapar, og ikkje er redd for å ta i bruk fagsystem.
- Du må ha førarkort B
- Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2841554
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3452759_206115_nn