Miljøterapeut ved Elvebøen
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Elvebøen, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut ved Elvebøen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søkjer du spennande utfordringar og godt fagmiljø, så kan dette vere stillinga for deg!
Stad kommune ved Bu- og miljøtenesta avdeling Elvebøen har ledig 1 X 100 % fast stilling som miljøterapeut. Stillingane er inkludert 20 % frie timar. Arbeidstid er for tida tredelt og kvar 3 eller 4 helg. Eininga har årsturnus eller rullerande grunnturnus.
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av mestring og livskvalitet.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
- Rettleie studentar, lærlingar og andre
- Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
- Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Andre med relevant erfaring og gode, personlege eigenskapar kan også søkje
- I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Camilla Andersen på telefon 45877417.
Kontaktinformasjon
Camilla Andersen, Avdelingsleiar bu- og miljøtenesta, 45877417, camilla.andersen@stad.kommune.noKarl Alsaker, Einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 91 56 13 83, karl.alsaker@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Elvebøen6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4707548050
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2023
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2440757
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7c99090679f744aa914ad7bf985d454f