ID 2353 Fagarbeidar/assistent - Tjødnalio skule
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsfagarbeidar, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Tjødnalio skule med sine om lag 280 elevar og 45 tilsette, er ein av seks barneskular og ni grunnskular i Stord kommune. Skulane/kommunen sitt fokusområde er å skapa ein inkluderande barnehage, skule og SFO som hindrar utanforskap og bidreg til utvikling, læring og livsmeistring.
Det er ledig fast 100% stilling som fagarbeidar/assistent frå og med 01.09.2025.(Lønn tilsvarande 89 % for avkorta år, etter skuleruta.)
Arbeidsoppgåver:-
Oppfølging av elevar med særskilte behov.
-
Følga opp tiltak i samarbeid med lærar
-
Planlegga og gjennomføra aktivitetar på og utanfor skuleområde
-
Samarbeid med føresette og i team
-
Praktiske oppgåver
-
Fagbrev barne- og ungdomsarbeider, eller anna relevant utdanning eller erfaring.
-
Erfaring med traumebevisst omsorg
-
Trygg og robust vaksenperson i møte med elevar
-
Ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid
-
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9
-
Fagleg engasjert
-
Trygg, tydeleg, inkluderande, løysingsorientert, omsorgsfull og god relasjonskompetanse
-
Fleksibel
-
Evne til å stå i utfordrende situasjoner
-
Jobbar like godt sjølvstendig som i team
-
God fysisk og psykisk helse
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Menn vert oppmoda til å søkja.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Me kan tilby:-
Spanande arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Nærare opplysningar hos rektor Kristine Vikanes tlf. 53409732 - 975 52 193
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ab6aec6f-babd-4032-ba2f-474160241dd7
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ab6aec6f-babd-4032-ba2f-474160241dd7