Ergoterapeut
Helsetenesta i Bykle og Valle
4754 Bykle
Om jobben
Stillingstittel
2.gangs utlysning Ergoterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane Bykle og Valle, med Bykle som vertskommune. Helsetenesta er ansvarleg for tenesteområda fastlege, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Det er fokus på nyskaping, kvalitet og utvikling i tenesta, og eit nært samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.
Denne stillinga har for tida tenestestad i Bykle, men ein legg til grunn at du må kunne jobbe både i Bykle, i Valle og på Hovden.
Arbeidsoppgåver
- Forebygjjande og rehabiliterande tiltak overfor brukarar i alle aldrar som har eller kan få vanskar med daglege aktivitetar, både i eigen heim og institusjon
- Tverrfagleg og sjølvstendig kartleggjing av brukarane sine ressursar og funksjonsnivå
- Funksjonstrening og rettleiing til sjølvtrening og eigenaktivitet
- Tryggje brukarane i eigen heim og bistå i tilretteleggjing av bustad
- Rettleiing og opplæring av tilsette, t.d. i heimebaserte tenester
- Tverrfagleg samarbeid i tett kontakt med kommunens øvrige tenesteapparat
- Kontakt med hjelpemiddelsentralen og hovudansvar for oppfylgjing, opplæring og tilpasning av hjelpemiddel til kommunen sine brukarar
- Fagutvikling og tenesteutvikling med målsetting om høg kvalitet og effektivitet (kunnskapsbasert praksis)
Kvalifikasjonar
- Autorisert ergoterapeut
- Erfaring frå kvardagsrehabilitering og kompetanse innan kunnskapsbasert praksis vil vere ein fordel
- Erfaring frå arbeid med menneske i alle aldrar, i ulike livsfasar og med ulike typer funksjonssvikt
- Førarkort kl. B og må kunne disponere eigen bil i teneste
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til samarbeid og aktivt bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Fleksibel og oppteken av kvalitetsforbetring og ein kunnskapsbasert praksis
- Evne til å arbeide systematisk og strukturert, både sjølvstendig og i lag med andre
Me har eit godt arbeidsmiljø som er prega av tillit, openheit og medverknad. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Psykologisk tryggleik
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsstad med mogelegheit for fagleg og personleg utvikling
- Mogelegheit for å utøve og å bli betre på kunnskapsbasert praksis
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedrifthelseteneste
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleiligheit i Kristiansand
- Bykle kommune har full barnehage/SFO dekning
- Flotte naturopplevingar heile året for store og små
Krav om politiattest ved tilsetjing.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er oppteken av mangfald, og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønsker ikkje kontakt med annonseseljarar!
Kontaktinformasjon
Heinz.Diehl, Tenesteleiar Helse, 41449988, Heinz.Thomas.Diehl@bykle.kommune.noArbeidsstad
4754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bykle kommuneReferansenr.: 4732315723
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2023
Om bedriften
Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2486408
- Sist endret
4. desember 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b1f30c324d874a69aa83762a16c19a58