Hopp til innhold

100 % avtaleheimel i klinisk vaksenpsykologi på Stord

Arbeidsgiver

Helse Vest RHF

Sted

Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger

Om jobben

Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i klinisk vaksenpsykologi er ledig frå 01.03.2027, eller etter avtale.

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
  • erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist. Erfaring frå arbeid med vaksne vil bli tillagt vekt
  • evne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenesta
  • samla kompetanse i noverande avtalespesialistgruppe og lokal DPS med omsyn til vidareutdanning innan ulike terapiretningar vil kunne vektleggast i prioritering
  • personlege eigenskapar
  • samarbeid med andre
  • innretning av praksis

Arbeidsoppgåver

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Norsk psykologforening.

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle "sørge for" -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Fonna ved Haugaland DPS. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Haugaland DPS.

Vilkår og rammer

Det vil i den individuelle driftsavtalen bli fastsett eit minstekrav til inntak av nye pasientar kvar månad.

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.

Om bedriften

Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.

Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ab4a046e-8054-495a-89b7-4595f8a8216f

Sist endret

15. juni 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

466470661

Lignende annonser

Laster lignende annonser