Fagarbeidar/assistent/vernepleiar - inntil 60% vikariat
Rauland skule, Vinje kommune
3864 Rauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent/vernepleiar - inntil 60% vikariat
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. april
Ynskjer du å bli del av eit fagleg godt team med fokus på elevar og elevar si opplæring, då bør du søkje sjå oss! Rauland skule treng nok ein person som kan hjelpe oss i kvardagen for å leggje til rette for ein god skulekvardag for elevane. Du må kunne jobbe både i team, i mindre grupper og ein til ein. Du vil kunne få oppgåve med å fylgje enkelt elev eller grupper i opplæringa. Me treng deg også på SFO, så du må kunne delta i leik og planleggje og halde aktivitetar for ein kreativ gjeng. Fint om du også er interessert i noko fysisk aktivitet, for me har elevar som trivst både ute og inne, samt at dei trivst inne i ein klatrevegg om dei får sjans til det. Du vil få eit kollegie samansett av ulike profesjonar og med ulike interesser, som saman ynskjer å gjere ein forskjell og ynskjer å ha det bra på jobb.
Referansenr.: 4951893447
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 23.04.2025
Arbeidsoppgåver
- Vere assistent på SFO
- Vere assistent på skulen, i klasser, grupper og med einskilde elevar
- Planleggje og leggje til rette for leik, aktivitetar og samhandling med elevar, både ute og inne
- Dokumentere der det er behov for det
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barn og ungdomsarbeidar eller vernepleiar
- Anna relevant utdanning retta mot opplæring i grunnskulen kan bli vurdert
- Erfaring frå liknande arbeid i skule/SFO, kan kompensere for utdanning om me ikkje får fagutdanna
- God munnleg og skriftleg kompetanse, må meistre nynorsk som skriftspråk
- Erfaring frå arbeid med tilretteleggjing for born er ynskjeleg
- Du må ha IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du må sjå etter det beste i elevane
- Du må vere god på relasjonar
- Du må vere ein tydeleg og trygg vaksen
- Du må vere god på å kommunisere med andre
- Du må ta initiativ, ta ansvar og vere sjølvstendig
- Du må vere strukturert og halde tidsfristar
- Du må samarbeide godt
- Du må vera positiv og villig til å lære nye ting
- Du må vere glad i aktivitet både ute og inne
- Du må by på deg sjølv og vere kreativ. Er du god på og for eksempel fortelje vitsar, klippe og lime, er kanskje som lynet ned alpinbakken, er god på å fiske eller er opptatt av noko anna spanande, då må du søkje sjå oss
Me tilbyr
- Ivrige og engasjerte elevar
- Fagleg dyktige kollegaer med godt humør og stor takhøgde
- Kursing, etter-/vidareutdanning etter ynskje og behov sjå deg og oss
- Gratis skulemat
- Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Gode barnehagetilbod
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb
- Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta
- I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast
- Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
- Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet.
Kontaktinformasjon
Aud Lillian Hustveit, Verksemdsleiar Rauland skule, +47 95752799Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4951893447
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 23.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Aud Lillian Hustveit
Verksemdsleiar Rauland skule
+47 95752799
Om bedriften
Rauland skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda med gode fasilitetar. Skulen vår er ein 1-10 skule, og har om lag 170 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2913646
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de1ca340de6643f087394e7800a17013