Hopp til innhold

Account Manager SMB

Arbeidsgiver

Tussa

Sted

Langelandsvegen 35, 6010 Ålesund, Langemyra 6, 6160 Hovdebygda, Ullavikvegen 39, 6230 Sykkylven

Om jobben

Stillingstittel
Account Manager SMB
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 20. august

Tussa IKT

Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 130 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. 

 

Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=w9kOXz-XuKc2LUdV

Vil du jobbe med utvikling av kundar og vere med å skape verdi for små og mellomstore bedrifter?

Vi søkjer ein motivert og strukturert account manager SMB som skal jobbe med dei små og mellomstore kundane våre. Du vil ha ansvar for å vidareutvikle kundebasen og sikre at kundane våre får god oppfølging og dei beste løysingane.

Hos Tussa IKT blir du ein del av eit av dei største og mest komplette IT-miljøa på Nordvestlandet. Du får arbeide saman med erfarne spesialistar innan IT-drift, informasjonssikkerheit, skytenester og digitale arbeidsflater. Dette gir deg eit unikt høve til å utvikle deg som rådgjevar og hjelpe kundane med løysingar som skaper reell verdi.

Kontorstad kan vere Ørsta, Ålesund eller Sykkylven.


Om stillinga

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
  • Oppfølging og utvikling av SMB-kundar
  • Identifisere nye behov og moglegheiter hos kundane
  • Rettleie kundane til gode løysingar
  • Bidra til vekst og auka kundeverdi
  • Samarbeide tett med seljarane
Kvalifikasjonar:
  • Solid erfaring innan sal / kundebehandling
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Interesse for relasjonsbygging og rådgjeving

Det er ein fordel om du har:

  • Relevant utdanning innan sal, marknadsføring, økonomi eller IT
  • Erfaring frå IT-bransjen, telekom eller andre teknologirelaterte fagområde
  • Erfaring med CRM-system og strukturert salsarbeid

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi kan tilby
  • Ein spennande kvardag i eit aktivt salsteam
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige vilkår

Kontaktperson for stillingen

Jan-Olav Dagfinrud

Salssjef IT

+4798263220

jan-olav.dagfinrud@tussa.no

Om bedriften

Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. 

Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ab207c7c-ae99-4203-97fc-6fd317f8be4d

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10302706

Lignende annonser

Laster lignende annonser