Psykolog/Psykologspesialist
Stord DPS, Helse Fonna H
Stord DPS, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/Psykologspesialist Stord DPS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.
Vi har ledig fast stilling som psykolog/psykologspesialist i allmennteamet ved poliklinikken.
Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande). Vi søkjer heile tida å arbeida systematisk og langsiktig med pasientkvaliteten. Vi etablerte lokalt Kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostikk og behandling.
- Rettleiing av psykologar/ psykologar i spesialisering
- Tverrfagleg samarbeid.
- Rettleiing til samarbeidspartnarar.
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning,teamarbeid).
- Muligheter for deltakelse i fylkeskommunalt psykologtilbud på VGS (1 dag i uken)
- Spesialistoppgaver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Fortrinnsvis fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller rus- og avhengighetspsykologi, ev. psykolog påbegynt slik fordjuping.
- Erfaring frå arbeid i DPS/ VOP
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Interesse for psykologifaget og utvikling av behandlingstilbod.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner.
- Ansvarleg.
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø - som er høgt prioritert ved SDPS!
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Fagleg og personleg utvikling.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Thomas Hasmo Eilertsen, Avdelingsleiar DPS/BUP, 93455990, thomas.hasmo.eilertsen@helse-fonna.noØydis Grov, Funksjonsleiar, 95402234, oydis.grov@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Stord DPS5416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4638132237
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2295567
- Hentet fra
talentech
- Referanse
38291322608a4facaa2676c8579481e6