Slåtten skule treng fleire fagarbeidarar/ assistentar
Sunnfjord kommune Slåtten skule
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar og assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Slåtten er ein 1. -7. skule med 420 elevar. Slåtten skule og SFO har godt omdømme og vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Uteområdet vårt er stort og blir mykje nytta både i skule og SFO. Vi vil gjerne ha med på laget positive personar som likar å vere ute, og likar å vere aktive.
Vi har ledig:
Stillinga kan følge kalenderåret eller skuleåret. Stillingane krev at ein er fleksibel og kan gå i vaktsystem på SFO i tillegg til skuletida.
Vi tilbyr:
- arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver, med stor variasjon
- eit godt fagleg og sosialt miljø
- tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande løns- og pensjonsvilkår
Krav til søkar:
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og andre med interesse for fagfeltet
- det er ønskeleg med relevant erfaring
- gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg
Vi søker deg som har:
- relevant erfaring
- gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stilling.
Du bør:
- vere god på relasjonsbygging
- like å arbeide med barn
- ha god allmennkunnskap og erfaring frå arbeid med ulike elevar/elevgrupper med spesielle behov
- arbeide sjølvstendig og systematisk og ha gode samarbeidsevner
- vere fleksibel og engasjert
- vere ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av elevar med spesielle behov, som t.d. pleieoppgåver, sosial trening, åtferdsstøtte og stimulering til læring.
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for barnegrupper, ute og inne
Stillingar som følger skuleåret får eit trekk på 11 % på lønsutbetalinga for å få løn i skulefrie periodar og dagar.
Utlysinga gjeld også stillingar som måtte kome til.
Velkomen som søkar!Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aaf283a1-fcf8-4e38-abf6-4343ff041464
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3508175_142839_nn