Hopp til innhold

60% fast stilling, for tida i praktisk bistand (heimehjelp), i Lom

Arbeidsgiver

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Sted

2686 Lom

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Heimebasert omsorg i Lom Kommune har ledig 60% fast stilling for tida i praktisk bistand (heimehjelp). Stillinga er fortrinnsvis for helsefagarbeidarar, men ufaglærte med relevant erfaring oppmodast til å søkje.

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • har offentleg godkjent helsefagarbeidar, men søkjarar med anna relevant erfaring eller utdanning kan bli vurdert. Opplæring blir gjeve ved behov. Vi oppmodar også søkjarar som ikkje allereie har helsefagleg utdanning, men som ynskjer å utføre ein slik utdanning, til å søkje.

  • har erfaring frå likande arbeid

  • har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

  • har godkjent politiattest

  • har førarkort klasse B

I tillegg ynskjer vi at du:
  • er trygg, fleksibel, og motivert.

  • er ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktig.

  • evnar å arbeide både sjølvstendig og i team.

  • har gode kommunikasjonsevner.

  • har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling.

  • har endringsvilje og er ein lagspelar.

  • vil vera med å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vektleggast for stillinga.

Arbeidsoppgaver

  • Sikre brukaren praktisk bistand etter vedtak, ved å bistå med å dekkje viktige behov som brukaren sjølv ikkje er i stand til å gjere for ei kortare eller lengre periode. Dette kan vere naudsynt reinhald av opphaldsrom i bustad, oppvask/klesvask, handel, ernæringsarbeid, og bistand til personleg hygiene og dusj.

    • Heimehjelpa skal bidra til at brukaren kan greie seg mest mogleg sjølv, og bu lengst mogleg i eigen heim.
  • Nytte journalsystemet Profil / mobil omsorg som eit dagleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging / utføring av oppgåver, og dokumentasjon.

  • Følgje rutinar i avdelingane og bidra til forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • 60% fast stilling, for tida i praktisk bistand (heimehjelp), ledig frå dags dato, og med oppstart etter avtale.

  • Arbeidstid etter gjeldande arbeidsplan med fortida dagtidsarbeid vekedagar i praktisk bistand (heimehjelp).

  • Stillinga kan for kvalifisert helsefagarbeidar aukast til 75% fast stilling med arbeid kvar 3. helg i turnus hjå heimesjukepleia.

Vi tilbyr og:
  • Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde.

  • Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.

Om bedriften

Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.

I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.

Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aa80f0c8-4441-41e7-98a1-bba33b999eb8

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

aa80f0c8-4441-41e7-98a1-bba33b999eb8

Lignende annonser

Laster lignende annonser