Sjukepleiar
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 15. juli
Vi har faste stillingar ledige hos oss. Oppgi gjerne kva stillingsstorleik du ser for deg.
- 1 x 100% fast stilling med oppstart frå 18.08.25
- 2 x 80% fast stilling med oppstart frå 18.08.25
Tryggleik, respekt og kvalitet er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi har som mål å byggje ein sengepost med høg fagleg kvalitet, engasjement og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling vil vere i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette.
Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det. Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Bli med oss på laget!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutte og kroniske sjuke pasientar
- Sjukepleieadministrative oppgåver
- Legemiddelhandtering
- Ivaretaking av pasientane sine behov for heilskapleg omsorg
- Arbeid i team rundt pasienten
- Kontinuerleg forbetringsarbeid
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samhandling med kommunar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og har gode samarbeidsevner
- Du arbeider både sjølvstendig og i team
- Du er motivert for å utføre varierte arbeidsoppgåver
- Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
- Du er ansvarsbevisst
- Du er påliteleg og lojal
- Du er løysingsorientert
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar
- Fagutvikling og kompetanseheving
- Fagdagar i turnus
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 HJELSET
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4990735073
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Startdato: 18.08.2025
Søknadsfrist: 15.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aa5f3dab-a601-48c1-8b84-623e1b4d1e30
- Hentet fra
talentech
- Referanse
29c3bd4ae71642e9917745fe8faa2e6f