Vikarlege ved Herøy Legesenter
Herøy kommune, Avdeling for legetenester
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikarlege ved Herøy Legesenter
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. desember
Vi søker ein engasjert og dyktig lege som fastlegevikar for ein av våre ALIS-legar som no skal ut i sju månaders institusjonsteneste frå 1. januar til 1. november 2025.
Herøy legesenter har dei siste åra hatt stabil fastlegedekning og startar 2025 med faste legar i alle våre seks fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar og to erfarne allmennlegar. Vi har også ein LIS1-lege og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim.
Trivsel og fagleg utvikling blir fremja gjennom jamlege legemøter kvar veke og internundervisning kvar månad. Alle ALIS-legane får rettleiing kvar veke ved spesialist i allmennmedisin. Som vikar får du ansvar for ei fastlegeliste med listetak på inntil 800 personar.
Vi eig og driv kontoret og som næringsdrivande får du ein svært gunstig leigeavtale. Vi ønsker primært lege som vil arbeide på næringsdrift, men andre driftsformer kan diskuterast.
Vi har i tillegg til Herøy legesenter, to legekontor til. Myrvåg legesenter har fire fastlegeheimlar og ei stilling for LIS1, og ein solopraksis ved Fosnavåg helsehus. Vi har eigne sjukeheimslegar.
Vi deltek i interkommunal legevakt ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda, den er bemanna med erfarne sjukepleiarar og ambulansearbeidarar. Det er omlag 50 legar som deler på vaktene. På kveld og dagtid helg er det alltid to legar på vakt. På natt er det baktvaktordning for dei som ikkje har sjølvstendig bakvaktkompetanse. Legevakta har legebil bemanna med ambulansearbeidar som køyrer og er med på alle oppdrag. Som lege jobbar du aldri åleine.
Planen for legetenesta vår kan du lese meir om her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf
Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt. Det ligg 47 kilometer frå Herøy legesenter og 9 kilometer frå legevakta i Hovdebygda.
Arbeidsoppgåver
- Fastlegevikar (med tenestene som følger av Forskrift om fastlegeordningen i kommunene).
- Deltakar i interkommunal legevakt etter gjeldande avtalar.
- Kommunale oppgåver kan verte aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Du må oppfylle vilkåra i Forskrift om kompetansekrav for legar.
- Det er ein fordel at du har erfaring som fastlege, men det er ikkje eit krav.
- Du må ønske å bidra i eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen.
- Du må legge fram godkjent politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn tre månader) før oppstart.
- Du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
- Du likar å vere fastlege eller ynskjer å bli det.
- Det er naturleg for deg å møte innbyggjarane som einskildindivid slik du sjølv ynskjer å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp.
- Du kan arbeide sjølvstendig og i felleskap med andre.
- Du ynskjer å vere ein del av eit større kollegium som stiller opp for og støttar kvarandre, og som saman utviklar legetenesta i kommunen.
- Du ser viktigheita av å samarbeide med andre tenester og deltek i samarbeid for å gi samla og koordinerte tenester for pasientar som treng det.
- Du har jamt godt humør, er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du må ha god evne til å bruke norsk både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Eit vikariat på 10 månader der du får velje mellom næringsdrift eller konkurransedyktig fastløn
- gode lokale/utstyr
- Hjelpepersonell med lang erfaring
- Framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvart 14. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt, helge- og nattevakter
- ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning
- 8:2-avtalar for næringsdrivande (jamfør SFS 2305) der kommunen dekker ein del av kostnadane
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen (kommunalt tilsett) kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Kontaktinformasjon
Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege, 41200794Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5043837487
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Jan Magne Remøy
Kommuneoverlege
41200794
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aa475dbd-ccbe-4499-9c2e-480a4d23db1d
- Sist endret
24. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
97e4ac97c9d24f078e6dfe088b244f44
Lignende annonser
Fastlegevikariat i Møre og Romsdal
Arbeidsgiver
Dignus Medical
Sted
Møre og Romsdal
Arbeidsgiver
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Radiologi Ålesund og Volda -Legar, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda