Form framtida for grøn teknologi -- med innsikt, systemforståing og praktisk påverknad
Sognekraft
Dalavegen 25, 6856 Sogndal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Data- og løysningsarkitekt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 7. august
🚀 Ein del av Sognekraft-konsernet -- drivkraft i Sogn
Sognenett IT og Sognekraft-konsernet startar no opp ei konsulentavdeling som skal styrke både konsernet og kundar med å ta betre avgjerder, få meir ut av dataene sine, og bruke teknologi som faktisk gir meining. Det første store prosjektet du skal inn i, er noko av det viktigaste me gjer dei neste åra: å bruke data og teknologi til å forbetre, effektivisere og utvikle produksjonen av grøn energi i regionen. Dette er oppdraget ditt i 2025 og 2026, i lag med dyktige kollegaer frå fleire selskap i konsernet. Dette er ikkje ei stilling der alt er fastspikra og prosedyrene klare, men ei moglegheit for deg som vil få ting til å skje, og som har evna til å sjå heilskap, forstå behov og drive utvikling framover i tverrfaglege lag.
Om jobbenDu skal vere med på å gjere produksjonen og transporten av grøn energi i konsernet smartare, meir datadreven og meir presis. Arbeidet handlar om å digitalisere prosessar, utvikle verktøy og hente ut ny innsikt som gir grunnlag for betre drift og styring. Gjennom rolla kjem du tett på både fagmiljøa i konsernet og eksterne kundar. I samarbeid med dei utviklar de tekniske løysingar som sørgjer for at innsikt, behov og teknologi heng saman frå start til slutt. Du er den som stiller dei gode spørsmåla, ser heilskapen og gjer innsikt om til handling. Og du er ikkje berre rådgjevar, du er med heile vegen frå idé til gjennomføring.
I denne rolla vil du få jobbe med å:-
samle, strukturere og modellere data frå ulike kjelder (ERP, nettsider, værdata, system, sensordata).
-
utvikle innsiktsdashbord, integrasjonar og rapporteringsløysningar -- blant anna for bruk i straummarknaden.
-
bidra til å forbetre og fornye produksjons- og driftssystem i konsernet -- saman med utviklarar og fagfolk i laget.
-
kartleggje behov og moglegheiter i dialog med kollegaer og kundar.
-
utvikle løysingar som gir meining -- enten det handlar om automatisering, analyse eller datadreven rådgiving.
Me ser etter ein som likar å jobbe både strategisk og operativt. Ein som ser forretningspotensial, forstår tal og teknologi, og får energi av å byggje noko nytt.
Kven er du?Sannsynlegvis har du ein fot i teknologien og ein i forretninga, og trivst aller best nettopp i grensesnittet mellom dei to. Erfaring frå tekniske prosjekt har du òg, gjerne som både deltakar og leiar, og du evnar å inspirere og rettleie kollegaer med ulik fagleg bakgrunn.
Ein lidenskap for å gjere data nyttig og tilgjengeleg kjenneteiknar deg, enten det er for analytikarar, forretningsteam eller maskinlæringsmodellar. Å omsetje behov til løysingar som gir reell verdi er noko du meistrar godt, og du held deg oppdatert på nye moglegheiter i eit felt som utviklar seg raskt.
Me trur du:
-
Har erfaring frå prosjekt der data, teknologi og forretningsutvikling går hand i hand.
-
Har jobba i skjæringspunktet mellom systemforståing, arkitektur og analyse.
-
Har god forretningsforståing og er tillitsskapande i kundedialog.
-
Har utdanning på universitetsnivå, eller kanskje du har opparbeida deg eigenskapane me ser etter gjennom mange år med erfaring.
-
Trivst i ei rolle som spenner frå innsal til gjennomføring -- med ansvar for både løysingar og relasjonar.
-
Er handlekraftig, strukturert og samarbeidsorientert.
-
Har eit blikk for marknad og utvikling, og ser nye moglegheiter der andre ser avgrensingar.
I tillegg ser me gjerne at du har kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:
-
Dataarkitektur og forståing for samspel mellom datakjelder, integrasjonar og systemlandskap -- inkludert ERP-system og forretningskritiske løysingar.
-
Visualisering av innsikt i Power BI, Tableau, Qlik, Streamlit eller liknande verktøy.
-
Datamodellering og bruk av Data Lakes og datavarehus.
-
Avansert databehandling og analyse ved hjelp av SQL, PySpark, Python eller R.
-
Erfaring med maskinlæring i skybaserte plattformer som Azure ML Studio eller AWS Sagemaker, gjerne med kjennskap til MLOps.
-
Utarbeiding av strategiar for data, analyse og AI.
Sognenett IT er ein totalleverandør av IT- og kommunikasjonstenester med fotfeste i Sogn. Me heiar på lokal verdiskaping, og har eit sterkt ynskje om å gjere kvardagen enklare for kundane våre, både små og mellomstore verksemder.
Som drivkraft i Sogn og ein del av Sognekraft-konsernet får du som rådgjevar høve til å jobbe med framtidsretta og samfunnskritiske prosjekt innan kraftproduksjon, straumnett og digitalisering, og bidra til utviklinga av både konsernet og regionen.
Du blir del av ei ny konsulentavdeling i vekst, og inngår i eit IT- og utviklarmiljø som i dag består av rundt ti personar. Her samarbeider systemutviklarar, kodarar, spesialistar og andre fagressursar på tvers av selskap og forretningsområde. Du blir ein del av eit sterkt lag, samtidig som du har tett kontakt med dei som skal ta løysingane i bruk..
Med lokal forankring og rask respons skal me vere den naturlege støttespelaren for kundar som vil vidareutvikle verksemda si med teknologi som fungerer, og som opnar dører dei kanskje ikkje visste fanst. Me jobbar for å vidareutvikle laget vårt med kloke hovud og varme menneske, og ser etter fleire som vil vere med og byggje opp noko nytt.
Kvifor velje Sognekraft-konsernet?Fordi du får vere med å skape noko ekte, frå starten. Her er ikkje ting låst i gamle strukturar. Her er det rom for idear, initiativ og nytenking.
Du blir ein nøkkelperson i Sognekraft-konsernet si grønne satsing, og får vere med å forme løysingane som faktisk utgjer ein skilnad i energiomstillingsåret 2025 og vidare.
Me tilbyr:
-
Ei nøkkelrolle i ei nysatsing med stor tillit og mykje fridom.
-
Ein arbeidskvardag der du blir lytta til -- og der du ser resultat.
-
Fleksibilitet i kvardagen, men med ein fast base i vakre Sogn.
-
Eit arbeidsmiljø prega av rausheit, samarbeid og ekte engasjement.
Då vil me gjerne høyre frå deg. Du treng ikkje skrive ein stiv søknad, berre fortel oss kven du er, kva du brenn for, og kva du vil bidra med hos oss.
Rett søknadsfrist er 31.08.2025NB! På grunn av tekniske avgrensingar i systemet til Finn.no står det oppført feil søknadsfrist i annonsa. Me beklagar dette og presiserer at søknadsfristen er 31. august 2025..
Om bedriften
Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar -- og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aa34f5a1-ae88-416b-9711-800549afb550
- Hentet fra
FINN
- Referanse
414333829