Sommarhjelp i kyrkjene i Øygarden 2026
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarhjelp i kyrkjene i Øygarden 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Er du engasjert og praktisk anlagt som likar å arbeide ute? Då har vi sommarjobben for deg!
Vi søkjer no etter positive og arbeidsvillige sommarhjelpar til gravplassane og kyrkjene i Øygarden kommune for perioden 23.juni – 16.august. Dette er ein unik moglegheit til å jobbe i vakre omgjevnader, gjere ein viktig jobb for lokalsamfunnet og få verdifull arbeidserfaring.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd med 8 kyrkjer og 17 gravplassar, og vi ønskjer deg velkomen til vårt team.
Vil du vite meir? Besøk nettsida vår, ring oss, eller kom innom vårt kyrkjekontor på Straume for ein hyggeleg prat!
HUGS å opplyse i søknaden kva veker du kan jobbe, om du har sertifikat og om du har tilgang til bil. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Klippe plen
- Maling
- Praktisk tilrettelegging
- Anna førefallande arbeid
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Fleksibel
- Samarbeidsvillig
- Serviceinnstilt
- Praktisk anlagt
- Evnar å arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Timeløn etter tariff
- Køyregodtgjersle etter statens satsar
- Arbeid i team
Kontaktinformasjon
Mathilde Karin Dale Løvfall, Personalleiar, 902 72 703Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 473 04 530
Arbeidssted
Tytebærbrekko 25353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5103845967
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Annlaug Børve
Kyrkjeverje
473 04 530
Mathilde Karin Dale Løvfall
Personalleiar
902 72 703
Om bedriften
«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aa2b9528-525a-4113-a512-7b42629ec462
- Sist endret
26. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1e4a11275f9f47528ccf99cbc1197e30