Hopp til innhold

Miljøarbeidar i TTF 

Arbeidsgiver

Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune

Sted

Tøddekroken 3, 3870 Fyresdal

Om jobben

Oppstart
28. mai 2026
Stillingstittel
Miljøarbeidar i TTF
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest torsdag 11. juni

TTF er bustadar som ivaretek brukarar med nedsett funksjon av ulik grad. Det er både fastbuande brukarar og avlastningstilbod. Vi ynskjer oss miljøarbeidarar som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, initiativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande og spanande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Vi skal spele kvarandre gode!

Stillingane er eit ledd i å styrke tenesta og vil samarbeide tett med andre faggrupper som jobbar i tenesta og på tvers med andre tenester som helse og skule. Stillingane som no blir lyst ut vil jobbe med fleire brukarar.

Det er stillingar i ordinær, døgn- og natt-turnus.


Arbeidsoppgåver

Oppfylging av brukarar i ulik alder med fokus på tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell og spesialisthelseteneste.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg bakgrunn.
  • Erfaring frå og interesse for arbeid med personar som har utviklingshemming og funksjonsnedsetting vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Vi ynskjer søkarar som er gode på relasjonsbygging og som har stor forståing for viktigheita av det i arbeid med brukarar.
  • Den vi søker må takle stress og nye utfordringar, vere fleksibel og samarbeidsvillig, og like varierande arbeidsoppgåver.
  • Du må kunne jobbe i team, og kunne stå åleine med hovudansvar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor – med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • Turnus med langvakter og komprimerte friperiodar.
  • Løn etter tariffavtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad.

Kontaktinformasjon

Charles La, Kommunalsjef helse og omsorg, +47 97340811, charles.la@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Tøddekroken 3
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5136777253
Stillingsprosent: 100, 50, 21,6%
Vikar
Startdato: 28.05.2026
Søknadsfrist: 11.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Charles La

Kommunalsjef helse og omsorg

+47 97340811

charles.la@fyresdal.kommune.no

Om bedriften

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aa134c28-ba9c-457b-b895-75a49880435a

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e4393b3052ae4ccd933b66df08d10c63

Lignende annonser

Laster lignende annonser