Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
23. mars 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi har ved Revmatologisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus ledig fast stilling for off. godkjent sjukepleiar frå 23.03.26!

Vi søkjer deg som er interessert i revmatologifaget og som vil vere med å utvikle tilbodet vidare til pasientane. Revmatologisk seksjon har fylkesdekkande funksjon i Møre og Romsdal. Poliklinikken har tilknytt legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar med sterkt tverrfagleg samarbeid.
Vi håpar å høyre fra deg.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid, inkludert eigne konsultasjonar på sikt
  • Oppfølging av pasientar i behovsstyrt oppfølging
  • Kvalitetsarbeid, forskningsstudier

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Relevant erfaring vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og har gode samarbeidsevner
  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du er fagleg engasjert
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og positiv utvikling
  • Du er fleksibel
  • Du er strukturert 

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

    • Eit godt arbeidsmiljø 
    • Høve til fagleg utvikling 
    • Sterkt tverrfagleg samarbeid
    • Ein inkluderande arbeidsplass
    • Løn etter gjeldande overeinskomstar
    • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

    Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

    Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

    Kontaktinformasjon

    Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.no

    Arbeidsstad

    Åsehaugen 5
    6017 Ålesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

    Referansenr.: 5056705187
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 23.03.2026
    Søknadsfrist: 27.01.2026

    Om bedriften

    Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


    Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a9f95938-9de7-4386-b878-8c1a267dcd6b

    Sist endret

    28. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    936baf1b168b4463b7f13a7608986aa1

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Hatlane omsorgssenter, Ålesund kommune

    Sted

    Ålesund