Anestesisjukepleiar
AAM FSS anestesi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Anestesisjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar? Då kan seksjonen anestesi ved Førde sentralsjukehus vere rette staden for deg som liker å jobbe i eit hektisk miljø med høg kompetanse. Avdelinga har omlag 20 anestesisjukepleiarar som gjev tjenester både til dagkirurgiske- og inneliggande pasientar, samt pasientar til augeblikkeleg hjelp. Vi har også utpost aktivitet og deltek i diverse akutt team internt på sjukehuset. Stillinga inngår i ein tredelt turnus med helgevakter, for tida kvar 5. helg.
Avdeling for AIO (anestesi, intensiv og operasjon) er ei av 7 avdelingar i kirurgisk klinikk. Avdelinga har eit stort spenn i aktiviteten og dekker seksjonane anestesi, intensiv, operasjon, dagkirurgi, sterilsentral og leger anestesi. Legetenesta knytt til luftambulanse og redningshelikopter i Florø er lagt under seksjon legar anestesi.
Avdelinga har også ansvar for AIO tenestene ved lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjord. Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med om lag 240 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Anestesiavdelinga utfører anestesitjenester til ortopedi, kirurgi, urologi, gynekologi, ØNH og plastikkirurgi, medisin
- Utpost: anestesitjenester til kjeve/tannlege, røntgen/MR, auge og assisterer ved fødeepiduraler, medisinske undersøkingar i narkose
- Vi forventer at søkjar kan utføre anestesioppgåver i tråd med Norsk Standard for anestesi og avdelinga sine rutiner
- Opplæring vil bli gjeve, og du vil få nye oppgåver i tråd med auka kompetanse
- Oppfølging av studenter
- Ansvar for ulike oppgåver innafor drifta av seksjonen
Kvalifikasjonar
- Må vere godkjend anestesisjukepleiar
- Fordel med oppdatert yrkeserfaring frå anestesiavdeling
- Søkjar må ha kunnskap og kompetanse på bruk av vanlege elektroniske dataverktøy. Det er ein fordel å kjenne til DIPS, Meona og Orbit
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg, for å fremme god kommunikasjon med både pasientar og personalgrupper
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Du er konstruktiv og løysingsorientert
- Du er pasientorientert
- Du er tilpasningsdyktig
- Du er engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast med å jobbe i team
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du må tole å stå i krevjande akutte situasjonar
- Du er åpen for nye utfordringar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trond Aamot, Kst. seksjonsleiar, 958 99 559Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4933028230
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.03.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2880185
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d2028f1cf99c4222a41e6ae2cd5b173c