Assistent
Føde og barsel Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Assistent
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Annet, deltid 0%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 18. november
Seksjon føde/barsel Ålesund har ledig mellombels stilling for assistent frå snarast.
Vi søkjer ein fleksibel og påliteleg assistent som kan stille som tilkallingsvikar ved behov – både i helger og på kvardagar. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere for seksjonen sin faste assistent under ferieavviklinga sommaren 2026.
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus tilbyr trygge og omsorgsfulle tenester til fødande og nyfødte. Vi har eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg.
Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Rydding, reinhald og klargjering av fødestover, inkludert desinfisering og påfyll av nødvendige artiklar
- Skylleromsarbeid med vask av utstyr, sortering av avfall og skittentøy, og ivaretaking av hygiene
- Orden og reinhald i matsal, inkludert rydding, påfyll og ivaretaking av hygiene og trivsel
- Dagleg reinhald i avdelinga, inkludert vask av fellesareal, støvtørking, avfallshandtering og påfyll av forbruksartiklar
- Transport og klargjering av senger, samt samarbeid med reinhaldspersonell og portørar.
- Førefallande oppgåver som varehenting, intern pasientflytting og støtte til god logistikk og flyt i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reinhald er ein fordel, men ikkje eit krav
- Helsefaglege studentar er velkomne til å søke
- Søkar må vere over 18 år
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Serviceinnstilt, nøyaktig og påliteleg
- God forståing for hygiene og smittevernrutinar
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til fleksibilitet i arbeidsoppgåver og arbeidstid
- Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
- Ansvarsbevisst og strukturert
- Du er ein som passar i eit omsorgsfullt og profesjonelt miljø
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Sjå meir om byen og omland her.
Kontaktinformasjon
Marianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.noMartha Kvasnes Molvær, Seksjonsleiar, Martha.K.Molver@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5037273175
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 18.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9b2583c-c79c-48c3-9f67-2a6eb66f4fd6
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a213d19a01fa4a8794cf99c5a204b240
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sterilsentral Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Øyeblikkeleg hjelp døgnavdeling (ØHD)
Sted
Ålesund