Hopp til innhold

Statsadvokat

Arbeidsgiver

ØKOKRIM

Sted

Grenseveien 78, 0663 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Statsadvokat - miljøkrim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Om stillinga

Vil du vera med på å styrkja Noregs innsats mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet?

Økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet blir stadig meir kompleks og samfunnsskadeleg. Økokrim er den sentrale eininga til politiet på desse områda og står i frontlinja i arbeidet mot denne kriminaliteten. Økokrim er både statsadvokatembete og særorgan i politiet. No søkjer me ein statsadvokat som vil bidra til å vidareutvikla arbeidet vårt og styrke Noregs evne til å møta desse utfordringane.

Statsadvokat til Økokrims miljøkrimenhet

Økokrims statsadvokatar er ein del av Den høgare påtalemakta. Me stiller derfor høge krav til fagleg dyktigheit, samarbeidsevne, integritet og utviklingsvilje.

Som statsadvokat vil du inngå i juridisk avdeling og delta i tverrfaglege etterforskingsprosjekt saman med juristar og etterforskarar med bakgrunn frå politi, økonomi, miljø og teknologi.

Miljøkrimeininga etterforskar, påtaler og aktorerer eigne saker om miljøkriminalitet. Eininga hjelper også politidistrikta i miljøkriminalitetssaker og er eit nasjonalt kompetansesenter på området. Arbeidet omfattar mellom anna kompetanseheving i politiet og påtalemakta, kartlegging av miljøkriminalitet og førebyggjande arbeid retta mot både privat og offentleg sektor.

Me legg vekt på brei samfunnsinteresse, og erfaring frå relevante saksområde er ein fordel. Miljøkriminalitet omfattar mellom anna saker om forureining, natur, kunst og kulturminne, arbeidsmiljø og dyrevelferd.

Den som blir tilsett, bør trivast med rettleiingsoppgåver. Det inneber mellom anna å halda foredrag internt i politiet og påtalemakta og å ha kontakt med næringsliv og offentleg sektor. Interesse for internasjonalt arbeid og gode språkkunnskapar er også ein fordel.

Som statsadvokat i Økokrim skal du løysa kjerneoppgåver innan etterforsking og rettsforfølging. Du skal også ta aktivt medansvar for å utvikla Økokrims arbeid på relevante område.

Me ser etter kandidatar som har interesse for og evne til å sjå rolla til påtalemakta i heile den tverrfaglege kjeda frå etterretning til rettsforfølging. Teknologi og nye datadrivne metodar blir stadig viktigare på kriminalitetsområda Økokrim har ansvar for. Som statsadvokat skal du bidra til at Økokrim gjer gode prioriteringar, oppdagar sårbarheiter tidleg og arbeider effektivt med eit stadig meir komplekst kriminalitetsbilete.

I det eksterne arbeidet skal du bidra til å styrkja Økokrims rolle i offentleg-private samarbeid og i samarbeid mellom etatar. Dette omfattar tettare samhandling og betre informasjonsdeling med tilsyns- og kontrolletatar på miljøkrimområdet.

Du skal også bidra til samarbeid med private aktørar og næringsorganisasjonar. Målet er å hindra og førebyggja miljøkriminalitet i heile verdikjeda. I dette arbeidet skal Økokrims juridiske og påtalefaglege kompetanse vera tydeleg i dei felles strukturane som no blir utvikla.

Me forventar også at du bidreg aktivt til å vidareutvikla Økokrims fagleiingsarbeid, i tråd med forventningane til riksadvokaten om styrkt og systematisk fagleiing. Dette inneber å ta ansvar for retning, standard og kompetanseutvikling i straffesaksarbeid.


Arbeidsoppgåver

  • leie etterforsking av straffesaker
  • påtaleavgjere og føre eigne straffesaker i retten i alle instansar
  • videreutvikle Økokrims rolle som høyrings,- bistands- og rådgjevingsorgan
  • bidra til å styrke og videreutvikle kompetansen innan økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet internt og eksternt
  • delta i tverretatlig samarbeid og offentlig-private samarbeid
  • drive undervisnings- og foredragsarbeid
  • samarbeide med styresmakter i inn- og utland
  • utføra andre relevante oppgåver 

 


Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vera kvalifisert:

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • særs gode juridiske kunnskapa
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er også ønskeleg med:

  • normalt 8 års relevant yrkeserfaring
  • erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
  • erfaring fra miljøkrimområdet
  • erfaring med å lede prosjekter
     

Søknader utan vitnemål vil ikkje bli behandla. Vi ønskjer òg relevante arbeidsattestar.

Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG, ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Ved å søkje på stillinga samtykkjer du til at det blir gjort ei skikkavurdering av deg. Vurdering av skikka- og kvalifikasjonar vil bli vektlagde. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilov en § 18 og politiregisterlova § 41. Det kreves samtykke fra særorgansjefen for å inneha bierverv.


Personlege eigenskaper

  • høg integritet
  • evne til å arbeida effektivt, gjennomføra planar og oppnå resultat
  • initiativrik og selvgående
  • evne til å samhandla godt internt og ekstern
  • evne til å bidra til kompetansedeling
     

Personleg egnethet vil bli vektlagt.

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her.


Dette kan vi tilby om du velger oss

  • interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker
  • samarbeid med politi og andre etatar i inn- og utland
  • godt arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid
  • utviklande og spennande arbeidsoppgåver
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • stillinga blir lønt som statsadvokat (stillingskode 0253) for tiden kr. 1 355 000.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. 
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i statenher.

Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å skriva eit kort søknadsbrev, registrera utfyllande CV og leggja ved relevante vitnemål og attestar.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Lars Stoltenberg

Førstestatsadvokat

+4723 29 10 00

Om bedriften

Økokrim førebyggjer, etterrettar, etterforskar og fører saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet over heile landet. Økokrim er lokalisert i Oslo. I tillegg har vi bedragerieininga på Gjøvik og regionskontor i Tromsø, Trondheim, Bergen, Larvik og Lillestrøm. I september 2026 flyttar Økokrim inn i nye og moderne lokale i Grenseveien 78 på Helsfyr. Les meir om oss på http://www.okokrim.no/.

 

Økokrim følgjer staten sin personalpolitikk om å styrkje likestilling, inkludering og mangfald. Den seier at dersom vi har kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kryss derfor av om dette i rekrutteringsportalen. Sjå https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Tilsette i Økokrim må ha samtykke frå særorgansjefen for å ha bierverv, jf. politiloven § 22 anna ledd.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a97395d1-3aec-4fa9-b1dd-54b052eb8c92

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10302812

Lignende annonser

Laster lignende annonser