HR rådgjevar
Alver kommune
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
HR rådgjevar - 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga:
Ønskjer du å vere ein viktig bidragsytar for at vi kan løyse samfunnsoppdraget vårt?
Vi har ledig stilling som HR-rådgjevar og treng deg som vil vere med å byggje Alver kommune for framtida!
Vi tilbyr ein spennande stilling i eit arbeidsmiljø som er prega av høg fagleg kompetanse, stor vilje til å levere HR-tenester og som samtidig er fokusert på å utvikle og forbetre prosessar innan HR, løn og digitalisering. Stillinga gjer deg moglegheit til å utvikle dine ferdigheiter og kompetanse innan fagområdet.
Vi søker deg som har engasjement for HR og som er opptatt av gode leveransar og systematisk forbetringsarbeid. Du vil bli gitt stor grad av tillit og er sjølvstendig. Vi har eit godt samarbeidsklima på avdelinga, og er opptatt av å dele kunnskap og erfaringar med kvarandre.
Arbeidsoppgåver:
Som HR-rådgjevar hos oss vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle og styrke organisasjonen gjennom ei rekkje varierte og meiningsfulle oppgåver:
- Støtte og rådgiving for leiarar: Som HR-rådgjevar vil du vere ein viktig støttespelar for leiarane i organisasjonen. Du vil bidra med rådgiving om alle typar personalspørsmål, utvikling av arbeidsmiljø mv.. Her får du høve til å byggje gode relasjonar og vere ein påliteleg sparringspartnar for leiarane våre.
- Forbetring og utvikling av HR-prosessar: Vi ønskjer å effektivisere og modernisere våre HR-prosessar, og du vil ha ei viktig rolle i å utvikle og digitalisere alt frå medarbeidaroppfølging til lønnsprosessar og interne system. Vi ser etter deg som har eit blikk for forbetringar og ønskjer å skape løysingar som gjer kvardagen enklare for tilsette og leiare i kommunen.
- Rekruttering: Du vil i samarbeid med leiar ha ansvar for å drive heile rekrutteringsprosessen – frå å utforme stillingsannonsar til å finne dei rette kandidatane. Vi ser etter deg som evnar å sjå potensial i menneske og brenn for å tiltrekke og utvikle dyktige medarbeidarar som kan bidra til vår offentlege teneste.
- Organisasjonsutvikling og omstilling: Du vil få moglegheit til å jobbe systematisk med organisasjonsutvikling og bidra til at vi som arbeidsplass held oss relevante og framtidsretta. Du vil spele ei viktig rolle i endringsprosessar og bidra til å styrke organisasjonen sitt arbeid med omstilling.
Stillinga vil ha operative oppgåver men samstudes fokus på utvikling og forbetring. I periodar vil det bli prioritert arbeide med undersøking, utvikling og implementering.
Hos oss vil du få moglegheit til å påverke og vere ein del av eit dynamisk HR-miljø som jobbar for å skape ein attraktiv arbeidsplass og levere gode offentlege tenester.
Kvalifikasjonar
For å trivast og lukkast som HR-rådgjevar ser vi etter deg som har ein solid fagleg bakgrunn og praktisk erfaring innan HR.
Du har utdanning på bachelor- eller masternivå innan HR, organisasjonspsykologi, leiing eller liknande relevante fagområde.
Du har også mellom to og fem års erfaring frå HR-arbeid, og har erfaring med utviklingsarbeid.
I tillegg har du god kjennskap til lov- og avtaleverk knytt til arbeidslivet.
Vi søkjer spesielt etter ein kollega som har god kompetanse innan utvikling og forbetring av system, digitalisering av HR og løn, eller som har erfaring av bruk av KI innan HR - feltet. Vi ønskjer å gjere kvardagen til leiare og tilsette lettare i Alver, optimalisere arbeidsflyt og bidra til at HR og løn er klar for morgondagens digitale arbeidskvardag.
For å lukkast i stillinga må du ha stor gjennomføringsevne.
Personlege eigenskaper
- Service
Du må like å yte god service og gje støtte og rådgivning til leiarar og tilsette i Alver kommune. - Engasjert:
Du viser stor interesse og entusiasme for HR-faget og er motivert til å bidra til kommunen si utvikling. - Gode relasjonelle eigenskapar:
Du er flink til å byggje og vedlikehalde gode relasjonar med kollegaer og samarbeidspartnarar. - Kunnskapsdeling:
Du er oppteken av å dele din fagkunnskap og erfaring med andre, og bidreg aktivt til kompetanseheving i teamet. - Strukturert:
Du har ein systematisk tilnærming til arbeidsoppgåver og evnar å halde oversikt og orden, sjølv i hektiske periodar. - Roa under press:
Du held deg roleg og arbeider effektivt sjølv når det er travelt, og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Om HR og løn i Alver kommune
HR og lønsavdelinga i Alver kommune spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av våre menneskelege ressursar. Vi er stolte av å vere ein sentral støttespelar for våre tilsette, og vårt mål er å gjere arbeidskvardagen enklare og betre slik at vi saman kan løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte.
Avdelinga består av 17 engasjerte og dyktige medarbeidarar og har kontorplass sentralt i Knarvik. Kvardagen vår er både spennande og variert, med mange ulike oppgåver og utfordringar som vi handterer samtidig. Vi tilbyr ein allsidig arbeidsplass der ingen dag er den same, og der du får moglegheita til å vere med på å forme framtida til Alver kommune.
Kva kan vi tilby deg?
Hos oss får du moglegheit til personleg og fagleg utvikling gjennom spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har god pensjonsordning i KLP og tilbyr konkurransedyktig løn etter avtale. Hos oss er vi opptatt av at det skal vere ein god balanse mellom arbeid og fritid, og veit at mange ønskjer seg ein fleksibel kvardag. Det kan vi leggje til rette for!
Lurar du på korleis det er å arbeide på HR-avdelinga? Vil ønskjer å tilby ein omvendt referansesjekk for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Du vil få moglegheit til å stille spørsmål for å vurdere om vi er den rette plassen for deg.
Kontaktinfo referanse :
HR Rådgjevar - Hilde B Kleivdal tlf : 48103412
HR rådgjevar - Ingrid Gunnarson Thunes tlf: 40545745
Ta gjerne kontakt med konstituert avdelingsleiar Hilde Grøteide Emblem på telefon 97 66 12 05 om du har spørsmål.
Vi er Alver
Om Alver kommune.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9649516-a18e-43e0-b0c4-233779c760e0
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10252000