Avdelingsleiar
Ørskog skule, Ålesund kommune
Ryssebøvegen 2, 6240 Ørskog
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. september
Ørskog skule har ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar 1.-7. trinn. Stillinga planleggast med 50 % administrasjon og 50 % undervisning.
Vi søker deg som vil vere med på å legge til rette for eit trygt og utviklande læringsmiljø for alle elevane ved Ørskog skule. Du vil inngå i eit leiarteam på 5 personar; rektor, assisterande rektor, SFO-leiar og 2 avdelingsleiarar.
Vi ønsker ein avdelingsleiar som kan vere ein pådrivar og ressursperson for individuelt tilrettelagt opplæring, herunder prosessen frå kartlegging til oppmelding og enkeltvedtak.
Stillinga som avdelingsleiar er ei stilling som innehar funksjonen som mellomleiar. Dette inneber at avdelingsleiar har som formål å leie og fordele det faglege arbeidet innafor sitt ansvarsområde på ein fagleg og pedagogisk måte slik at elevane får eit best mogleg læringsutbytte. Avdelingsleiar er ein del av skulen si leiargruppe.
Ørskog skule stod ny i 2018, og har gode fasilitetar til å drive ei moderne og tilpassa undervisning. Vi er ein 1.-10. trinn skule og har inneverande skuleår 260 elevar. Skule og SFO er godt organisert, og nyttar skulelokala og uteområda på ein kreativ og inspirerande måte.
Skulen sitt uteområde er stort og variert. Idrettsanlegg, stall, sjø, elv, skog og fjell utgjer samla vårt uteklasserom, som kan nyttast i opplæringa .
Elevar har gjennom valfag bygd færingar som vi har i eige naust, og vi har oppretta Fjordbasen med båt og utstyr til å kunne drive fiske. Dette gir oss gode moglegheiter til varierte og praktiske læringsarenaer.
Vi har eit dyktig og engasjert kollegium som samarbeider i team for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. Fagleg inkludering og ei praktisk tilnærming i opplæringa er ein del av skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid inneverande skuleår.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein pådrivar og ressursperson for individuelt tilrettelagt opplæring, herunder prosessen frå kartlegging til oppmelding og enkeltvedtak.
- Organisere skulen sitt arbeid etter læreplan og gjeldande lov -og avtaleverk. Dette innebærer blant anna oppfølging av team; årsplan, timeplan, ressursdisponering,
- oppfølging av tilsette og medarbeidarsamtalar.
- Leie avdelingsmøter for 1.-7. trinn og delta i møter i skulen si leiargruppe.
- Støtte og rettleie dei tilsette i det pedagogiske arbeidet.
- Oppfølging av elevane si læring og trivsel.
- Følge opp elevar i samarbeid med team, kontaktlærar, foreldre, og i samarbeid med andre aktørar som PPT, BUP, Barnevern og skulehelsesjukepleiar.
- Vere med å leie og bidra i organisasjonsutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid.
- Bidra til å finne gode løysingar ved fråvær i samarbeid med assisterande rektor.
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning.
- Har erfaring som lærar i grunnskulen.
- Leiarerfaring frå skule som f. eks. teamleiar og avdelingsleiar.
- Erfaring med systemarbeid innan idividuelt tilrettelagt opplæring og prosessen kartlegging – oppmelding – enkeltvedtak.
- God digital kunnskap og praksis. Det er ein fordel med erfaring med Acos Websak, IST Dokumentflyt og Itslearning.
- Om kandidaten ikkje har leiarutdanning, er det ønskeleg at dette takast.
- Tilleggsutdanning innan spesialpedagogikk/sosialpedogikk er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Vi søker ein person som er god på samarbeid, er ein lagspelar og er team -og relasjonsbyggar med gode kommunikasjonsferdigheter og god gjennomføringsevne.
- Vi ønsker ein person som ser dei gode løysingane, er ein problemløysar som har pågangsmot og som viser dette gjennom sitt initiativ og engasjement.
- Utstråler glede i arbeidet til det beste for barn og unge.
- Evner å bygge tillit og gode relasjonar, både internt og med relevante samarbeidspartar.
- Er tydeleg og strukturert.
- Tar initiativ og har evne til å vere innovativ.
- Har god system – og rolleforståing.
- Er opptatt av organisasjons- og profesjonsutvikling.
- Personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhold og engasjement.
- Ei spennande leiarstilling i eit fagleg sterkt profesjonsfellesskap.
- Reelt leiaransvar for dyktige medarbeidarar.
- Muligheit til å vekse og utvikle seg i profesjonelle læringsfellesskap.
- Ny og tilrettelagt skule med eit fantastisk nærområde, som gir muligheit for variert og tilrettelagt undervisning.
- Vi tilbyr god pensjonsordning i SPK og lønn i henhold til HTA kp.3.4.3.
Kontaktinformasjon
Harald Sten Hatlen, Rektor, 410 20 258, harald.sten.hatlen@alesund.kommune.noArbeidsstad
Ryssebøvegen 26240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5178093189
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a962f7d5-e80a-4994-be0d-d59d38994398
- Sist endret
11. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
982880a82fe04a9c96ac71c32d4c6892