Avdelingsleiar for 5. og 7. trinn ved Valderøy barneskule
Oppvekst, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar for 5. og 7. trinn ved Valderøy barneskule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. september
Bur det ein leiar i deg?
- Er du motivert for å vidareutvikle læringsmiljøet på mellomtrinnet med fokus på fagleg, og sosial inkludering?
- Vil du bidra til å utvikle profesjonsfellesskapet slik at elevane opplever meistring, lærelyst og tilhøyrsle?
- Brenn du for god pedagogisk praksis, tydelege forventningar og eit trygt og inkluderande læringsmiljø?
Valderøy barneskule har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for 5.–7. trinn. Som avdelingsleiar blir du ein del av skulen si leiargruppe, saman med rektor og dei andre avdelingsleiarane. Leiargruppa har i lag ansvar for skulen si pedagogiske utvikling. Stillinga inneber både leiing og undervisning. Du vil ha eit særleg ansvar for 5.–7. trinn, med personaloppfølging, pedagogisk utviklingsarbeid og administrative oppgåver. Du vil også vere ein viktig del av skulen sitt samla utviklingsarbeid. Vi ønskjer ein leiar som er tett på praksis og som ønskjer å vere ein aktiv del av kvardagen til både elevar og tilsette.
Valderøy barneskule
Valderøy barneskule er ein 1–7 skule med fire avdelingar fordelt på 1.-2. trinn, 3.-4. trinn, 5.-7.trinn og Basen som er ei forsterka avdeling. Skulen ligg nært skog, fjell og fjøre som gir god mulighet til ein utvida læringsarena. Skulen sin visjon er «Med hjarte for læring». Visjonen skal synleggjere vårt lærings- og menneskesyn. Vi har fokus på læring i eit vidt perspektiv som skal romme alle elevane våre. Oppvekstsektoren i Giske kommune har visjonen «Det var bra eg kom», med fokus på eleven si erfaring i møtet med barnehage og skule. Vi ønskjer å utvikle ein skule der alle elevar får høve til å oppleve meistring, utvikle seg og vere ein del av fellesskapet.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:
- personalleiing og oppfølging av medarbeidarar
- pedagogisk leiing og utvikling av 5.–7. trinn
- oppfølging av elevane sitt læringsmiljø og faglege utvikling
- samarbeid med elevar, føresette og ulike faginstansar
- rettleiing og støtte til lærarar og andre tilsette
- bidra til eit sterkt og lærande profesjonsfellesskap
- administrative oppgåver og ressursdisponering
- bidra til å halde vedtekne budsjettmammer og vurdere tiltak for å halde budsjett
- vere ein aktiv del av skulen si samla utvikling
Kvalifikasjonar
- har godkjend lærarutdanning
- har relevant erfaring frå grunnskulen
- gjerne leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing
- har interesse for pedagogisk utviklingsarbeid
- har god relasjonskompetanse
- er tydeleg, trygg og tillitsskapande
- kan stå i utfordrande situasjonar og ta nødvendige avgjerder
- er løysingsorientert, fleksibel og strukturert
- har gode samarbeidsevner
- har god digital kompetanse
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og at du er skikka for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden og ved tilsetting må gyldig politiattest leggast fram.
Personlege eigenskapar
- Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring.
- Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse.
- Evne til å arbeide ryddig og strukturert.
- Fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- ein spennande og variert leiarjobb i ein stor barneskule
- eit kompetent og engasjert kollegium
- eit godt samarbeid i leiargruppa
- høve til å påverke og utvikle skulen vidare
- eit arbeidsmiljø med fokus på læring, meistring og inkludering
- fagleg utvikling og rettleiing
- løn etter avtale og gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5178028534
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Oddfrid Reinlund
Rektor
+47 48023464
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dd66448c-5927-4a86-8699-c78ef578b460
- Sist endret
9. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
44ec007198394999a475af62949d297b