Rektor
2.gongs lysing
Tysnes skule, 5685 Uggdal
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Org. nr: - Stillingsident: 4275964443 Presentasjon av stillingen:
Me søkjer etter ein utviklingsorientert og samlande rektor for Tysnes skule, som kan bidra til læringsutbytte og trivnad for alle elevane og tilsette på skulen.
Tysnes skule har omlag 170 elevar fordelt på 5.-10 trinn, og det er 35 tilsette. Me har starta opp med å bygge nytt skulebygg for mellomtrinnet, og rektor har ei sentral rolle i prosjektgruppa. Bygget skal ferdigstillast ila våren 2021, og skulen får samstundes oppgradert uteområdet til elevane.
Rektor rapporterar til kommunalsjef for oppvekst, og er med i leiargruppa. Det er samstundes jamlege rektormøter med fokus på samarbeid og felles utvikling av Tysnesskulane. Søkjar må vere oppdatert rundt tema om skuleutvikling og læreplanforståing, og evne å bruke denne kunnskapen i utviklinga av skulen og samarbeid med andre.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for drift og fagleg utvikling av skulen, med ansvar for personal og økonomi
- Vidareutvikle skulen som ein profesjonell organisasjon med eit klart læringsoppdrag
- Utvikle eit godt skule-heim-samarbeid
- Formulere mål og forventningar, og oppfølging av desse
- Samarbeid med andre sektorar om eit godt tilbod til elevane
- Informasjon internt og eksternt
- Sørgje for at resultateininga vert drifta i samsvar med politiske prioriteringar
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
- Ønskjeleg med rektor/skuleleiarerfaring og skuleleiarutdanning
- God system- og rolleforståing
- Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
- God økonomiforståing, og evne til å prioritere innafor budsjettrammene
- Det er krav om framvist politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som får god tillit og relasjon til elevar, foreldre og tilsette. Det er viktig at du har gode samarbeidsevner og er ein dyktig problemløysar. Ein lærande og nysgjerrig leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Du må være opptatt av systematisk kvalitetsutviklingsarbeid, personalutvikling og ha evne til å lytte, samarbeide, motivere og engasjere.
Vi tilbyr
- Godt og støttande rektorkollegium
- Godt profesjonsfellesskap blant skuleleiarane
- Deltaking i å utvikle tverrfagleg samarbeid, delta i nettverk og prosjekt
- Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
- Leiaropplæring
- Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Aud Kaldefoss, Kommunalsjef oppvekst, 934 02 321, aud.kaldefoss@tysnes.kommmune.no
Arbeidsstad
Tysnes skule
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4275964443
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
683267
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4275964443_2.gongs lysing_webcruiter