Einingsleiar pleie- og omsorgstenester, område Vikane
Stryn Kommune
Dragesetvegen 50, 6793 Innvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar pleie- og omsorgstenester, område Vikane
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Som leiar i pleie- og omsorgstenestene for Område Vikane vil du vere involvert i å utvikle tenestene med ny teknologi og arbeidsmåtar, og vere med på å utvikla gode tenester for brukarane. Det vil vere stadig fleire innbyggjarar som har behov kommunale tenester, dette betyr at endringsprosessar og nytenking står sentralt i ei slik stilling. Det vil vere viktig å ta vare på alt som fungerer godt i dag, samtidig må du ikkje vere redd for å sjå nye moglegheiter i andre arbeidsmetodar, organisering og teknologi. Område Vikane består i dag av 2 institusjonsavdelingar, heimesjukepleie og heimehjelp, reinhald, kjøkkendrift og dagsenter.
Som einingsleiar vil du ha eit overordna personal- og budsjettansvar, og dessutan hovudansvar for drift, beredskapsarbeid og internkontroll for området. Du vil ha kontorplass ved Vikane omsorgssenter og vere ein del av kommunalsjef for helse og sosial si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
Som einingsleiar har du det overordna ansvaret for:- personal
- budsjett
- internkontroll og beredskapsarbeid
- at tenestene er av god kvalitet og i henhold til gjeldande lover og reglar, samt etaten sine etiske retningsliner
- eiga verksemd og for god samhandling med andre samarbeidspartar for å gje best mogleg teneste til andre
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning på høgskule og /eller universitetsnivå
- Leiarutdanning og leiarerfaring vert vektlagt
- forståing og interesse for medarbeidardrivne endringsprosessar
- oppdatert kunnskap om nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk
- god forståing av økonomi- og budsjettarbeid
- kan engasjere, motivere og inkludere dei tilsette til å yte gode tenester
- har evne til å utvikle eininga fagleg og organisatorisk
- er opptatt av at alle tenestene og tilsette held etaten sin standard
- samarbeider mot andre einingar, samarbeidspartar og frivillege
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver i form av stor innflytelse og deltaking på endringsprosessar og planarbeid
- eit godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Alexander Rande, Kommunalsjef, helse og sosial, 970 40 762Arbeidsstad
Dragesetvegen 506793 Innvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4978394039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Alexander Rande
Kommunalsjef, helse og sosial
970 40 762
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9262fc8-4841-4b73-b2f2-3c174b79c4e6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
554aa7ed03b5450bbdc442d15c62ccbd