Helsesjukepleiar
Barn, familie og helse, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar - fast stilling
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. august
Det er ledig fast 100 % stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen frå 05.01.2026. I tillegg kan det bli ledig eit vikariat i 100 % stilling frå 05.01. - medio august 2026. Oppgi i søknaden om begge stillingane er aktuelle for deg eller ikkje.
Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.
Helsestasjonen har til saman 14 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna.
Det er krav om politiattest av ny dato.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består av førebyggande helsearbeid ved helsestasjonen, helsestasjon for ungdom (HFU) og i skulehelsetenesta.
- Helsesjukepleiar jobbar etter gjeldande lover, forskrifter, retningslinjer og veiledere knytt til helsefremmande og forebyggande arbeid retta mot barn og unge 0-20 år og deira familiar.
- Delta i utvikling av digitale løysingar som gjer tenestene tilgjengelege for målgruppa.
- Planlegging og gjennomføring av individuelle, gruppe- og familiebaserte tilbod.
- Tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesjukepleiar med god kompetanse på barn og unge.
- Vere oppteken av tidleg innsats og helsefremmande arbeid.
- God digital kompetanse.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Helst ha erfaring frå arbeid som helsesjukepleiar.
- Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner.
- Ha god arbeidskapasitet.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å arbeide strukturert og målretta.
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunele vilkår, og god pensjonsordning i KLP.
Kontaktinformasjon
Tone Marie Giskegjerde, avdelingsleiar, 41701899Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderhaugstranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4993884372
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 04.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Gretha Giske
einingsleiar
+47 97028234
Tone Marie Giskegjerde
avdelingsleiar
41701899
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a902415a-5606-4604-84ae-90014a21b67a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
195f1c73b28546ae96d2dcfea8f98c7c