Sjukepleiar til LAR poliklinikk Åsane
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen HF
Åsamyrane 271, 5131 Nyborg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar til LAR poliklinikk Åsane
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved Avdeling for rusmedisin, LAR poliklinikk Åsane
Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer; ambulant og poliklinisk behandling, legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og ulike typer døgnbehandling - avrusing, stabilisering, medikamentfri behandling og kjønnsdelt behandling. Avdelinga tilbyr også tvang etter HOL. Forutan dei ni kliniske seksjonane har avdelinga ein seksjon for forsking og eit kompetansesenter innan rusfeltet- KoRus, i tillegg til andre utviklings- og forskingsprosjekt integrert i behandlinga.
Det er ledig 100% fast stilling i Avdeling for rusmedisin (AFR). Kandidatar vil bli tilsett i Avdeling for rusmedisin, pt ved LAR poliklinikk Åsane.
* LAR poliklinikk Åsane har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar med oppstart frå snarast. Stillinga er dagarbeid og pt kvar 10. laurdag.
Som sjukepleiar i LAR blir du ein del av eit fagfelt i rivande utvikling. Avdeling for rusmedisin har eigen forskingseksjon med sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet for rusmiddelavhengige. I LAR vil du m.a. få moglegheit til å bidra i forskingsprosjekt knytt til substitusjonsbehandling for menneske med avhengigheit til benzodiazepiner og amfetamin.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk oppfølging
- Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
- Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
- Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
- Legemiddelhandtering
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Førarkort klasse B
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, tåler uforutsigbarheit og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon
- Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mariann Erdal, Seksjonsleiar LAR poliklinikk Åsane, 93894784, mariann.erdal@helse-bergen.noKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Åsamyrane 2715131 Nyborg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4986216871
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.07.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a8f9cd38-504f-4191-b806-f4e9af4a90a5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cfaae1d19bf4472a8c16f18aa69632a0