Miljøkoordinator
FOR - avd tilpassa opplæring, Vestland fylkeskommune
6800 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøkoordinator
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skulen har topp moderne spesialrom, i tillegg til ny idrettshall og eit levande bibliotek, og har som mål å levere opplæring av høg kvalitet.
Skulen er geografisk todelt, med skuledrift på Mo og i Førde sentrum. Vi tilbyr utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Media og kommunikasjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv, Studiespesialisering, Teknologi og industrifag. I tillegg har vi ansvar for undervisning ved sjukehuset, vaksenopplæring og ulike kurs.
Det er ledig vikariat i heil stilling som miljøkoordinator frå 11.08.25 til 01.04.26 med moglegheit for forlenging ut skuleåret .
Miljøkoordinator sine arbeids- og ansvarsoppgåver er førebyggande-, kontaktskapande – og sosialpedagogisk arbeid i Førde vidaregåande skule. Arbeidet vert samordna og organisert gjennom samarbeid med andre miljøkoordinatorar, elevtenesta og skuleleiinga. Førde vidaregåande skule har innført Draumeskulen. Mange av tiltaka og oppgåvene som ligg til stillinga er lagt inn under denne satsinga.
Arbeidsoppgåver
- Ta initiativ til og fremje tiltak som aukar trivsel og styrkar miljøet ved skulen
- Ha særleg merksemd mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk
- Oppfølging av tiltak knytt til særskilte målgrupper som t.d. hybelbuarar og russ
- Bidra i etablert samarbeid med kommunale tenester gjennom SLT
- Haldningsskapande arbeid knytt til sosiale media og nettvett
- Bidra til gode relasjonar mellom elevane og skulen
- Stimulere til aktiv elevdeltaking i skulesamfunnet og opplæringa
- Arrangere og leggje til rette for aktivitetar på skulen, i og utanfor ordinær skuletid
- Hjelpe elevar til å finne seg til rette på skulen
- Bidra for elevar som har personlege vanskar og sosiale vanskar
- Bidra i oppfølginga av konfliktar og mobbing. Bidra i utviklinga av gode, trygge klassemiljø
Kvalifikasjonar
3-årig utdanning frå høgskule/universitet innanfor fagområde som sosionom, vernepleiar og barnevernspedagog.
Relevant erfaring vil bli vektlagt
God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
Sterke relasjons- og samarbeidsevner i høve til målgrupper og oppgåverVi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Løn etter tariff
Fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Kari-Ann Bruland, avdelingsleiar, +47 91784066Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4949244983
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 11.08.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Kari-Ann Bruland
avdelingsleiar
+47 91784066
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2910455
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e046743a73c84a989afcbc87075bf488