Tenesteforvaltar
Skyss
Askedalen 2, 6863 Leikanger, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Storehagen 1B, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Vil du bidra til å styrke dei digitale løysingane for kollektivtrafikken i Vestland? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. No planlegg vi ein ny driftsmodell for digitale kundetenester, der operatørane får ansvar for eiga maskinvare, medan Skyss går inn i rolla som bestillar. Vi søker etter ein tenesteforvaltar som vil vere med og sikre at våre digitale tenester blir brukt riktig, utvikla trygt og forvalta smart. Du får ei nøkkelrolle i å koordinere teknisk livssyklus, følge opp leverandørar og sikre at lover og reglar blir overhalde – samtidig som du held deg oppdatert på marknadstrendar og samarbeider tett med både interne og eksterne fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
Som tenesteforvaltar hos oss vil du få ein variert arbeidkvardag og oppgåver i skjeringspunktet mellom nettverk, signalsystem og industrielle datasystem og oppgåver knytt til utvikling og endring av driftsmodell. I denne rolla vil sentrale oppgåver vere:
- Bistand ved innkjøp og leverandøroppfølging
- Bestille og overvake tenester i ein stor og kompleks systemportefølje
- Sikre rett organisatorisk bruk i organisasjonen gjennom opplæring og informasjon
- Arbeid med datasikkerheit og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar
- Sikre nødvendig dokumentasjon, overhalde lover og reglar og følge opp personvern/GDPR
- Følge opp budsjett og kostnader
- Halde seg oppdatert på marknadstrendar, samarbeide med fagspesialistar og koordinere med eksterne aktørar
- Etablere, leie og delta i relevante samarbeidsforum
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har- relevant høgare utdanning på masternivå, gjerne innan teknologi- og digital forvaltning, økonomi eller administrasjon. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
Det er i tillegg ønskeleg at du har
- kjennskap til standardar og rammeverk som ITxPT og arbeid med ROS-analysar
- erfaring innan teknologi, anskaffingar, tenesteutvikling og kvalitetsarbeid
- arbeidd med personvern/GDPR og universell utforming
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som- er løysingsorientert og god til å prioritere
- er initiativrik, engasjert og god til å skape resultat saman med andre
- evnar å involvere, motivere og bygge tillit på ulike nivå i organisasjonen
- kan jobbe sjølvstendig, har pågangsmot og evne til strategisk planlegging
- er systematisk og strukturert
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Moglegheit for å utvikle seg fagleg
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Lønn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i Bergen, Leikanger eller Førde (noko reiseverksemd på påreknast)
Andre opplysningar:
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Frode Endresen, leiar faggruppe drift og forvaltning mobilitetsteknologi, 91107259, frode.endresen@skyss.noArbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5014865286
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Frode Endresen
leiar faggruppe drift og forvaltning mobilitetsteknologi
91107259
Om bedriften
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 5,7 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a8dc479a-fdd7-42ac-97de-8d6643221b8b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fad50a56adab432b99a11fd325cd3e1b