Styrar Bergetippen barnehage
Aukra kommune Bergetippen Barnehage
Vollskaret 4, 6409 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagestyrar/ einingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. april
Stillinga som styrar er ledig frå 1. august 2026. Bergetippen barnehage ligg på fastlandsdelen av Aukra kommune, ca. 10 minutt med bil frå Molde sentrum. Frå hausten 2026 har barnehagen om lag 100 barn og 40 tilsette. Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn, og vi lar oss inspirere av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring.
Vi søker ein inkluderande og utviklingsorientert barnehagestyrar med pedagogisk utdanning og erfaring, og helst også formell kompetanse og erfaring i leiing. Du har stor arbeidskapasitet, og di arbeidsform er systematisk og strukturert.
Vi ønskjer ein styrar som er inspirerande, engasjert, initiativrik og har godt humør. Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Som leiar er du synleg og tydeleg, og legg til rette for samskaping og gode prosessar. Du må ha gode kommunikasjonsevner, samt evne til å ta avgjersler. Du har høge ambisjonar for barna, dei tilsette og barnehagen. Du kan bruke nynorsk som målform.
Styrar er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.
Vi har forventningar til at du…- vidareutviklar eit godt, trygt og inkluderande barnehagemiljø
- er pådrivar for godt samspel med barn, foreldre, tillitsvalde og nærmiljø
- bidreg til samhandling på tvers av einingane i kommunen
- er god på økonomistyring
- skaper eit godt arbeidsmiljø
- Ein utviklande og spennande jobb i ein barnehage med dyktige medarbeidarar
- Ei leiargruppe som vil ta vel imot deg, og gje deg plass
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Det vert stilt krav om politiattest.
PrøvetidGjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
SøkarlisteOm du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.
Søknad sendastAukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" innan søknadsfristen 13.april.
Kommunalsjef oppvekst og kultur, Jan Erik Hovdenak, tlf. 924 14 627
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a8da8af4-3e77-4c1d-baf9-5ca836ff8a57
- Sist endret
23. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3609275_193055_nn