Forskningskoordinator (rådgjevar) - Vikariat ved CET - Senter for klima og energiomstilling
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Forskningskoordinator (rådgjevar) - Vikariat ved CET - Senter for klima og energiomstilling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. april
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wForskingskoordinator (rådgjevar) – Senter for klima og energiomstilling (vikariat 9 månader)
Senter for klima og energiomstilling (Centre for Climate and Energy Transformation, CET) er eit tverrfagleg forskingssenter ved Universitetet i Bergen, leia frå Det samfunnsvitskaplege fakultet. Målsettinga med senteret er å skape kunnskap om korleis omstille samfunnet på ein berekraftig måte, for å hindre klimaendringar.
Vi søkjer nå ein vikar i stilling som forskingskoordinator, da vår fast tilsette forskingskoordinator skal ut i foreldrepermisjon. Vikariatet lyses ut for 9 månadar med moglegheit for forlenging inntil 3 månadar. Den som får stillinga vil få eit variert og utfordrande arbeid med å generere og starte opp prosjekt, styrke tverrfaglege samarbeid og legge til rette for forsking av høg kvalitet. Dette er ei stilling der både vitskapleg kompetanse og organisatorisk-administrativ erfaring vil komme til nytte.
Koordinatorens oppgåver vil vere å:
- bidra i prosjektutvikling
- halde ved like forskingsnettverk og kontakt med samarbeidspartnarar
- bidra til at senteret utviklar og følger opp sine strategiar og planer
- legge til rette for et godt og produktivt forskingsmiljø på senteret
- ha ansvar for dagleg administrasjon av CET, deriblant prosjektadministrasjon, økonomistyring og rapportering.
- legge til rette for profesjonell styring av senteret, blant anna gjennom styringsgruppemøta
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Søkjarar må ha minimum mastergrad innan samfunnsvitskaplege fag
- Erfaring med deltaking i og oppbygging av forskingsgrupper og forskingsnettverk
- Relevant erfaring med forskingsfinansiering og prosjektstyring vil bli vektlagt. Det er ønskjeleg med god kjennskap til eksterne finansieringskjelder
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav
- gjennom resultat og referansar kan dokumentere å ha arbeidet sjølvstendig, strukturert, og resultatorientert
- er målretta, sjølvstendig og initiativrik, og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- har eit stort engasjement for samfunnsutfordringane og forskingstema innanfor klima- og energiomstilling
Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.
Vi kan tilby:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Årleg løn mellom kr. 584 500 – 646 000,-. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Stillingskode rådgjevar 1434.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar, Håvard Haarstad, e-post: havard.haarstad@uib.no
Utfyllande informasjon om Senter for klima og energiomstilling (CET)Klima- og energiomstilling er nå eit av UiB sine tre satsingsområder. Gjennom å opprette CET i 2016 ønskja Det samfunnsvitskaplege fakultet å skape ein ’hub’ for samfunnsvitskapleg og tverrfagleg forsking på omstilling. Senteret foreinar forskarar frå fleire disiplinar, og omfattar prosjekter fokusert på bærekraftig byutvikling, haldningar og meiningsdanning, klimatilpassing, energisystem, og meir. Senteret er administrativt lagt til Institutt for geografi. Mer informasjon finnast på www.uib.no/cet.
SøknadSend søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida. Søknaden skal innehalde: Søknadsbrev, CV, vitnemål, attestar og referansar.
Søknadsfrist: 7. april 2025
Søknaden skal merkast: 25/3707
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjon som ligge føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.
Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.
Om rekruttering i statlege stillingarDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig