Øystre Slidre helsetun- ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeider
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Øystre Slidre helsetun- ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeider (helg)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
13
Vi søkjer dyktige personar til faste stillingar i Førebygging og meistring og i Institusjon. Vi søkjer etter sjukepleiarar og helsefagarbeidarar (til helgestillingar).
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun, og velferdsteknologi er eit satsingsområde. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet.
Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Vi gjev tilleggsansiennitet til sjukepleiarar.
Vi har to-delt turnus for dei som jobbar på dagtid.
Førebygging og meistring:
Avd Smørkøll (korttid/avlastning):
Heimetenesta:
- Sjukepleierstillingar på 100%, 80,05% (2 stillingar)
- Helgestillingar frå 14%-19%
Institusjon: - Sjukepleier 71,30%
- Sjukepleier 90,08
- Sjukepleier 75,82%, natt
- Sjukepleier 26,76% natt
- Helgestillingar
Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsrehabilitering
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- Studentar kan bli vurdert til stillingane.
- Personar med interesse for, og erfaring frå, faget kan bli vurdert til helgestillingane
- Gode norskkunnskapar
- Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
- Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
- Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
- Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Kompetanseheving
- Opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Kontaktinformasjon
Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, 95940309Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, +47 90525192
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4721358056
Stillingsprosent: 100, 71,13, 80,05, 71,3, 90,08, 75,82, 26,76, 20%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2023
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2482676
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f670cbdadd36440db909ce9b0d4a0e60