IKT-ansvarleg
Stab, Vanylven kommune
6143 Fiskå
Om jobben
Stillingstittel
IKT-ansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Som IKT-konsulent vil du vere ansvarleg for å sikre effektiv drift og bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i heile kommunen.
Vanylven kommune har valt å tre ut av det interkommunale IKT-samarbeidet og satsar no på skydrift. Kommunen har valt Microsoft Azure som plattform for si skybaserte drift. Som ein del av denne strategiske overgangen, vil IKT-ansvarleg spele ei avgjerande rolle i å utvikle og styrke kommunen sin eigen skydrift. Dette inneber ikkje berre planlegging og implementering av nye IKT-system, men òg kontinuerleg oppgradering og forbetring av eksisterande løysingar. IKT-ansvarleg vil ha ansvar for å sikre at tryggleikssystema er robuste og oppdaterte. Gjennom denne transformasjonen vil Vanylven kommune kunne dra nytte av dei mange fordelane som følgjer med skytenester, som auka fleksibilitet, betre tryggleik, og effektiv ressursbruk.
Du vil vere ein del av kommunedirektøren sin stab, og ha arbeidsplass på rådhuset.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for vedlikehald av Azure skytenester som Entra, Intune, Exchange og Vanylven sine interne skyapplikasjonar.
-Tilrettelegge og drive support for kommunen sine tilsette gjennom supportportalen.
- Administrere kommunen sine IKT-tenestar
- Delta i prosjekt knytta til digitalisering og automatisering av kommunale tenester
- Vere med på å utvikle og implementere retningsliner og rutiner for IKT-bruk og datasikkerheit.
- Samarbeide med eksterne leverandørar og aktørar for å sikre optimal drift og vedlikehald av IKT-system.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan IKT-faget, eller tilsvarande erfaring
- Erfaring med systemadministrasjon
- Kunnskap om datasikkerheit og beskyttelse av informasjon
- Kjennskap til ulike programvare- og maskinvareløysingar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samtidig som du kan jobbe godt i team
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å formidle teknisk informasjon til ulike brukargrupper
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig: Du er proaktiv og tek initiativ til å løyse utfordringar og oppgåver på eigen hand.
- Strukturert: Du har god planleggingsevne og evnen til å håndtere fleire oppgåver samtidig.
- Fleksibilitet: Du er fleksibel og tilpasningsdyktig i eit dynamisk arbeidsmiljø, og er open for endringar og nye utfordringar
- Engasjement: Du har ei genuin interesse for digitalisering og nye teknologiske løysingar, og er motivert for å bistå til utviklinga av Vanylven kommune si digitale framtid.
Personleg eigenheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ei moderne og digitalisert kommune
- Moglegheit til å vere med på å utvikle og forbetre kommunen sin IKT-infrastruktur.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Konkurransedyktige betingelsar og gode pensjonsordningar.
- Nedbetaling av studielån.
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Marte Saure, stabsleiar, 90027913, marte.saure@vanylven.kommune.noAndreas Chr Nørve, Kommunedirektør, 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4843171379
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2024
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2713079
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c87078fba1fd4c63910189e64d7fd321