Psykologspesialist/Psykolog
Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringsteneste, barn og unge, Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/Psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. august
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) arbeider med barn og unge med nedsett funksjonsnivå. Vi arbeider for å betre livskvailiteten til desse barna og familiane deira. For å lukkast med dette har HABU eit tverrfagleg team kring barnet som består av legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, vernepleiarar, merkantile og logopedar.
Til saman er vi 30 høgkompetente medarbeidarar som vert motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommuneheletenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet.
Vi søker Psykologspesialist/Psykolog i spesialisering til fast stilling frå 1.november 2025. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med nedsett funksjonsevne, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A.
Arbeidsoppgåver
- Kliniske oppgåver, utgreiing og diagnostikk av barn og unge
- Arbeid med familie- og nettverk der rådgiving, rettleiing og undervising til familie og lokalt hjelpeapparat inngår
- Kartlegging/utgreiing og rettleiing av utfordrande åtferd
- Utarbeide og gjennomføre forelesingar på kurs og nettverk
- Vere ein aktiv bidragsytar i fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Ønskeleg med kompetanse og erfaring frå arbeid med utgreiing og oppfølging av barn og ungdom med nedsett funksjonsevne
- Du har kompetanse og erfaring frå tverrfagleg og tverrsektorielt habiliteringsarbeid
- Du har god formidlingsevne, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å sjå ressursen i barna og omgjevnadane
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei, både pasientar og kollegaer
- Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og utvise stor grad av ansvarlegheit
- Du fremmer eige fag samstundes som du er lydhøyr for andre i eit tverrfagleg team
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
- Du er ein fleksibel og omgjengeleg lagspelar med god arbeidskapasitet
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og for å jobbe med barn og ungdom
- Du deler raust av din kunnskap og di erfaring får fram det beste i andre
Vi tilbyr
- Ein arena for læring og utvikling i lag med kompetente og spesialiserte fagpersonar
- Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
- Eit arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå, engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Pernille Schaathun Berge, Seksjonsleiar, 55978319, pernille.berge@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsbakken 155009 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4981523119
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a8a94e51-6655-4b82-af65-f0f9eb8ad019
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7b59a670f4564a1b9506094c051eb1f3