Sjukepleiar/vernepleiar vi har sommervikariat til deg
Akuttpsykiatrisk post Haugesund, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100% og deltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. mai
Er du vår engasjerte sjukepleiar eller vernepleiar til akuttpsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus!
Til sommaravviklinga i avdeling psykisk helsevern på Haugesund sjukehus ser vi etter engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som vil bli ein del av vårt team på akuttpsykiatrisk post.
Stillingane er på 80–100 % og omfattar turnusarbeid i todelt, tredelt eller natt, med moglegheit for forlenging.
På akuttpsykiatrisk post jobbar vi tett med menneske i kritiske livssituasjonar. Dette er ein lukka eining der vi tek imot pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp, ofte med komplekse problemstillingar. Vårt mål er å gi pasientane trygg og god behandling når dei treng det som mest.
- Ver venleg å opplyse i søknaden kva tid du kan arbeide i perioden.
- Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål vedrørande stillinga. Tisetjing skjer fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk behandling på lukka døgneining.
- Medikamenthandtering.
- Somatiske undersøkingar og somatisk oppfølgjing.
- Delta på tverrfaglege behandlingsmøter.
- Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Fordel med vidareutdanning innan fagområde psykisk helsearbeid og rus.
- Ynskjeleg med kjennskap til og fortrinnsvis praksis innan relevant fagområde.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er fagleg engasjement.
- har gode samarbeidsevne.
- er fleksibel.
- trivst med å arbeide i tverrfaglege team.
- er tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar.
- har interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase er ein føresetnad.
Personleg eignaheit vert vektlagt.
Hos oss får du
- Ein spennande arbeidsplass med brei tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern og rus.
- Eit erfarent og kompetent personale med fast tilsette spesialistar.
- Tilgang til nye og moderne lokalar, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og eit aktivt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset og psykisk helsevern.
- Rettleiing, undervisning og moglegheit til å delta i fagutvikling.
- Moglegheit for rask oppstart i stillinga.
- Ein inkluderande arbeidsplass som er ein del av IA-bedrifta.
Kontaktinformasjon
Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, 41863999Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4908484388
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Håvard Wester Breistein
Avdelingsleiar
+47 93241877
Rebekka Gregor
Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post
41863999
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2838146
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c76383916c6c4a1b89db0e03e78653a3