ID 2005 Kommunelogoped - Førebyggjande tenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
logoped
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Stord kommune er godt i gong med Kompetanseløft for Spesialpedagogikk og inkluderande praksis og visjonen vår er <<Alle skal med>>. Me har mange tilsette med høg kompetanse og felles fokus er inkludering. Å utvikle språk og kommunikasjon er ein bærebjelke i barn og elevar si utvikling og me ønsker oss logoped med i arbeidet. Kommunen har hatt aktiv satsing innafor Alternativ og Supplerande kommunikasjon (ASK) saman med Statped og arbeidet viser att mange stader.
Det er ledig fast 100% stilling som kommunelogopedKommunelogopeden vil vere knytt til Førebyggande tenester som omfattar spesialpedagogisk team for barnehagebarn, PPT, helsestasjon/skulehelsetenesta, kommunepsykolog m.fl. Arbeidet vil veksle mellom oppfølging av barn med særleg utfordrande språkvanskar til deltaking i kommunale satsingar rundt språk og kommunikasjon.
Me søkjer fagperson med:- Master innafor logopedi
- Interesse for fagområdet språk og kommunikasjon og utviklingsarbeid i barnehage og skule
- Engasjert og personleg eigna
- Systematisk og sjølvstendig
- Jobbar godt saman med andre
- God når det gjeld munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Påliteleg
Noko reiseverksemd mellom barnehagar og skular så førarkort er naudsynt.
Me kan tilby:- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Birthe Blokhus tlf. 92064415
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2287286
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a87c9cd8-7dcf-4590-a6fe-aac71765ac90