Hopp til innhold

Vikariat PP-rådgjevar

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat PP-rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 20. september

Osterøy kommune søkjer ein engasjert PP-rådgjevar i 100 % vikariat frå 27.09.2026. Hos oss får du arbeide tverrfagleg og bidra til at barn og unge får heilskaplege og gode tenester.

PPT er ein del av Familiens hus, eit tverrfagleg kommunalt tilbod som òg omfattar Barn- og familieteam, helsestasjon og barnevern. Familiens hus er organisert under sektor for oppvekst, undervisning og kultur.

Som BTI-kommune arbeider Osterøy systematisk for tidleg innsats, samordna tenester og godt tverrfagleg samarbeid. Målet er å styrkje tilbodet til barn, unge og familiar med barnet sitt beste som eit overordna prinsipp.

I Osterøy PPT arbeider vi førebyggjande og tett saman med barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar, med særleg vekt på inkludering. Kvar barnehage og skule har ein fast kontaktperson. Organiseringa skal sikre nærleik, god samhandling, tidleg innsats og bidra til å styrkje kvaliteten i det ordinære tilbodet.

PPT er ein sentral drøftings- og samarbeidspartnar for barnehagar og skular. Vi bidreg i kvalitetsutviklingsarbeidet gjennom systemretta arbeid, rettleiing og kompetanseutvikling.

Gjennom sakkunnig vurdering, systemretta arbeid og kompetanse- og organisasjonsutvikling bidreg PPT til at barnehagar og skular kan førebyggje vanskar og leggje til rette for inkluderande fellesskap. Vi arbeider for at barn og elevar som har behov for tilrettelegging, får eit forsvarleg og inkluderande pedagogisk tilbod. Vi arbeider forskingsbasert og systematisk for å tilby tenester av god fagleg kvalitet.

  • Legg inn informasjon om stillinga

  • Arbeidsoppgåver

    • Vere fast kontaktperson for grunnskular
    • Gi konsultasjon og rettleiing til tilsette i skulen og føresette
    • Delta i drøftingar med skular og andre samarbeidspartnarar
    • Bistå skulane i kompetanse- og organisasjonsutvikling
    • Delta i utviklingsarbeid i samarbeid med sektor for oppvekst, undervisning og kultur
    • Delta i tverrfagleg samarbeid
    • Gjennomføre utgreiing og kartlegging
    • Utarbeide sakkunnig vurdering

    Kvalifikasjonskrav

    • Relevant utdanning på master- eller hovudfagsnivå innan pedagogikk eller spesialpedagogikk
    • Søkarar med relevant bachelorgrad og særleg relevant erfaring kan bli vurderte
    • God kjennskap til og erfaring frå undervisning i grunnskule, særleg 5-10.trinn
    • Kompetanse og erfaring med rettleiing, utgreiing og kartlegging
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
    • Gode samarbeids- og relasjonsbyggjande evner
    • God organisasjonsforståing
    • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
    • Robust med god arbeidskapasitet
    • Påliteleg og ansvarsbevisst
    • Du må disponere eigen bil

      Personlege eigenskapar og relevant erfaring frå PPT vil blir vektlagt. Krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. jf. opplæringslova § 17-11


    Vi tilbyr

    • Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø
    • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
    • Opplæring ved oppstart
    • Fokus på fagleg utvikling 
    • Fleksitidsordning
    • Bilavtale
    • Løn etter gjeldande tariffavtale
    • Offentleg tenestepensjon
    Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

    Spørsmål om stillinga

    Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Trude Litangen Jacobsen, PPT-leiar, på telefon 453 37 899 eller e-post trude.litangen.jacobsen@osteroy.kommune.no 

    Søknad med CV sender du elektronisk via kommunen sitt søknadssystem innan 27.09.2026 . Aktuelle vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.


    Kontaktperson for stillingen

    Trude Litangen Jacobsen

    PPT-leiar

    +47 453 37 899

    trude.litangen.jacobsen@osteroy.kommune.no

    Om bedriften

    Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

    Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

    I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

    Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a851e0fe-38d8-4d68-8ac3-32c746284ea8

    Sist endret

    31. august 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10307569

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser