Fagkoordinator Osterøytunet
Osterøy kommune
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagkoordinator Osterøytunet vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
- Fagkoordinator ved avdeling for personer med demens
- Fagleg ansvar for pasientar i samarbeid med personale i avdelingane
- Veiledning av personale
- Tett samarbeid med sjukepleiarteam, fagkoordinator ved somatisk avdeling og avdelingsleiar
- Undervisning, fagutvikling og forbetringsarbeid
- Superbrukar i våre fagsystem
- Utarbeiding og oppfølging av rutinar i vårt fagsystem
- Ansvar for legemiddelhandtering og samarbeid med farmasøyt
- Ansvar for oppfølging av elevar og lærlingar
- Bidra til tverrfaglig samarbeid
- Bindeledd mot nattenesta
- Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar
- Arbeidstid etter turnus med 35,5t pr. veke. Organisert med dagvakter i vekene, og arbeid kvar 3. helg med dagvakter og kveldsvakter i korttidsavdelinga
Vi tilbyr
- Ei spanande og gjevande stilling
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit for å påverke det faglege arbeidet på sjukeheimen
- Moglegheit for å lade el- bil mot avgift
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Minimum 5 års arbeidserfaring med relevant brukergruppe
- Du har, eller har ønske om å ta, relevant videreutdanning
- Ha evne til å gjere faglege vurderingar og gjennomføre desse og å utvise godt skjønn
- Vera opptatt av kvalitet og å holde deg fagleg oppdatert
- Du er fleksibel, endringsvillig og løsningsorientert
- Du må ha gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Personlege eigenskaper blir sterkt vektlagt
Kven er du?
- Engasjert i eldreomsorg
- Ansvarsfull
- Omsorgsfull
- Løysingsorientert
- Systematisk og ryddig
- Liker å jobbe sjølvstendig og samarbeide med andre
- Du holder deg faglig oppdatert
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted